Oppbevare hummar i sjø
Her finn du reglane for når hummar kan oppbevarast i sjøen, når du må melde frå til Fiskeridirektoratet, og kva unntak som gjeld ved omsetjing.
Tidsperiode for oppbevaring
Det er forbode å oppbevare hummar i sjøen frå og med 1. januar til 1. oktober kl.08.00.
Det er lov å oppbevare hummar i sjøen i desember, og sjølvsagt i oktober og november også. Dersom oppbevaringa i desember skjer frå og med Vestland til grensa mot Sverige skal det sendast melding til Fiskeridirektoratet.
Omsetjing innan 1. januar
Det generelle forbodet mot å oppbevare hummar i sjøen frå 1. januar og ut september gjeld, men det er gjort unntak for hummar som skal omsetjast og som innan 1. januar er innmeldt og registrert av salslaget.
Etter at hummaren er omsett kan Fiskeridirektoratet gje oppbevaringløyve til godkjent kjøpar.
-
Omsetjing og merking av hummar
Fritidsfiskarar kan ikkje fritt selje hummar. All omsetjing av fisk og skaldyr skal skje gjennom eit salslag eller ein godkjent kjøpar. Villfanga hummar som vert omsett skal merkast.
-
Fredingstider og fredingsområde for hummar
Her finn du fredingstidene for hummar og oversikt over fredingsområde der det gjeld eigne reglar for fiske.