Kongekrabbe
Her finn du hovudtrekka i regelverket for å fiske kongekrabbe som fritidsfiskar.
To områder for fiske etter kongekrabbe
I fisket etter kongekrabbe er det på reglane innanfor og utanfor kvoteregulert område.
Innanfor det kvoteregulerte området er fangsten strengt regulert, mens fangsten er friare utanfor. Målet er å avgrensa spreiinga av kongekrabbe.
Området er vist i kartet under og hovudskiljet går ved 26° Ø, som er om lag ved Nordkapp.
Reglar for begge område
- Teiner skal ha rømmingshol med bomullstråd for å unngå spøkelsesfiske.
- Teiner skal røktast minst éin gong per veke og samleteiner til lagring av kongekrabbe skal røktast annankvar dag.
- Teiner og vak skal vere merkte med namn og adresse på eigaren. I tilfelle fartøyet er merkeregistrert, skal registreringsmerket brukast.
- All fangst av kongekrabbe er rapporteringspliktig.
Rapportere fangst
Skjema for å rapportere fangst av kongekrabbe for fritidsfiskarar
I kvoteregulert område
Innanfor det kvoteregulerte område aust for 26° A, inkludert blant anna delar av Magerøysundet, Porsangerfjorden og Kamøyfjorden, er kongekrabben ein ressurs for fiskerinæringa, og regulert med kvotar for fiskefartøya.
I kvoteregulert område gjeld følgjande vilkår:
- Du kan fiske inntil 10 kongekrabbar årleg til eige bruk.
- Du kan berre bruka éi teine.
- Teina skal ha fluktopning.
- Minstemålet for kongekrabbe er 13 cm.
- Det er berre tillate å bruke teine for å fiske kongekrabbe. Du kan altså ikkje dykke etter kongekrabbe.
Utanfor kvoteregulert område
Utanom kvoteregulert område vest for 26° A, omlag ved Nordkapp, er det fri fangst og eit ønske om å avgrense meir spreiing. Utanfor kvoteregulert område er det ingen kvoteavgrensingar for kommersielle fiskefartøy.
Utanfor kvoteregulert område gjeld følgjande vilkår:
- Det er inga avgrensing på kor mykje du kan fangsta til eige bruk.
- Det er ingen krav til minstemål.
- Det kan maksimalt nyttast 20 teiner.
- Teiner skal ikkje ha fluktopning.
-
Kongekrabbe for yrkesfiskere
Her finner du hovetrekkene i regelverket for å delta i fangst av kongekrabbe for yrkesfiskere.
-
Turistfiske etter kongekrabbe
Her finner du hovedtrekkene i regelverket for å fiske kongekrabbe for turistfiskebedrifter.
-
Last ned Fritidsfiskeappen
Skal du ut å fiske? Les om reglar for artar, reiskap og ferdsel på sjøen. Meld tapt reiskap og ver med å minske spøkelsesfiske og marin forsøpling.