Du er her:

Reguleringa av leppefisk blir meir bærekraftig

Oppdatert: 20.03.2015

Fisket etter leppefisk har tatt seg stort opp dei siste åra i takt med etterspurnaden frå oppdrettsnæringa. Fisketrykket er stort og Fiskeridirektoratet innfører difor meir bærekraftige reguleringar av fisket etter leppefisk frå 2015.

Fisker leppefisk med ruser. Foto © Scanfishphoto

Det er gjort eit grundig forarbeid før direktoratet fastsatte reguleringane av fisket etter leppefisk for 2015. Eit forslag til reguleringar har vore ute på høyring og det er kome mange innspel frå ulike hald, frå både privatpersonar, verksemder, organisasjonar, lokale fiskarlag og forskning.

Fiskeridirektoratet er opptatt av at leppefisk må regulerast i eit langsiktig perspektiv samstundes som bruk av leppefisk er eit etterspurt miljøvenleg tiltak for å redusere luseangrep i oppdrett. Med bakgrunn i høyringsforslaget og dei innspela som er kome i høyringsrunden, har Fiskeridirektoratet bestemt følgande reguleringar i fisket etter leppefisk.

Seleksjon

Fluktopning i teiner og ruser skal vere minst 12 mm x 70 mm. Fluktopningane skal plasserast slik at leppefisken lett kan ta seg ut av reiskapen. Fiskeridirektoratet understrekar at fiskarane må vere nøye med at fluktåpningen er i samsvar med kravet. Det er fiskaren som i siste ledd har ansvaret for at fluktopninga er korrekt.

I teiner skal det vere minst tre fluktopningar i det innerste kammeret (fangstkammer) og minst to fluktopningar i kvar av dei øvrige kammera. I ruser skal det vere minst tre fluktopningar i det innerste kammeret og minst tofluktopningar i det nest innerste kammeret. Fluktopningane skal vere plassert på ein slik måte at leppefisk lett kan ta seg ut av reiskapen. Fluktopninga skal ha ei fast ramme og kan vere plassert i rekkje eller enkeltvis.

For å hindre uønska bifangst av spesielt hummar og torsk, i tillegg til å hindre at oter prøver å ta seg inn i teiner og ruser og deretter druknar, er det frå i år påbod om kryss som inngangssperre. Inngangssperre (kryss) er ikkje påkrevd dersom inngangen (kalven) er mindre enn at ein sylinder med diameter 70 mm kan trekkast gjennom inngangen.

Det har gjennom forsøk vist seg at enkle kryss i inngangen til teinene eller rusene i stor grad hindrar uønska bifangst. Skulle det likevel skje at ein oter blir fanga i reiskapen skal ein melde frå til Fiskeridirektoratet på e-post.

Opningstidspunkt

Det er fastsatt nye opningstidspunkt for fisket etter leppefisk:

Område:

Dato:

Svenskegrensa til og med Vest-Agder

10. juni

Rogaland til og med Sogn og Fjordane

1. juli

Møre og Romsdal til og med Nordland

16. juli

Minstemål

Minstemål for leppefisk frå og med 2015:

Art:

Størrelse:

Grønngylt

12 cm

Berggylt

14 cm

Annan leppefisk

11 cm

Deltaking

Fritidsfiskarar med leveringsavtale kan søkje om å få drive fiske etter leppefisk. Fritidsfiskarane kan i samsvar med havressurslova fiske med inntil 20 teiner eller ruser og kan ikkje omsette fisk for meir enn 50 000 kroner i eit kalenderår. Denne ordninga gir også ungdom høve til å delta i fisket etter leppefisk.

Ordninga med dispensasjon til å bruke ruse i fisket etter leppefisk blir vidareført.

Ordninga med dagleg røkting av teiner og ruser utanom sun- og heilagdagar blir også vidareført. I tillegg er ei begrensning til maksimalt 100 teiner og ruser på Sørlandet vidareført.

Resultatar frå forskningsfiske i 2015