ERS, AIS og VMS i fisket etter leppefisk
Fiske etter leppefisk krev nøye rapportering for ei berekraftig forvalting.
Elektronisk rapportering om haustingsaktivitet (ERS)
Alle merkeregistrerte fartøy som har leppefiskløyve har krav om elektronisk rapportering (ERS) og posisjonsrapportering (VMS). Krava gjeld heile året og alle haustingsaktivitetar.
I medhald av ERS-forskrifta (lovdata.no) skal fangstane rapporterast i kilo rund vekt, ikkje i tal på fisk. Dette gjeld også for fangst av leppefisk.
Vekta av fangsten skal ikkje estimerast, men bereknast ved hjelp av omrekningsfaktorar frå tal på individ til rund vekt.
Krav om posisjonsrapportering (VMS)
Alle merkeregistrerte fartøy som har leppefiskløyve har krav om ERS og VMS. Krava gjeld heile året og alle haustingsaktivitetar.
Rettleiing for innføring av ERS og VMS
Fiskeridirektoratet har laga ei rettleiing for innføring av ERS og VMS. Her får du ei enkel oversikt over kven som må bruke systema, og ei trinnvis rettleiing for å ta dei i bruk.
Krav om AIS
Krav om AIS gjeld berre ikkje-merkeregistrerte fartøy.
Sjå meir informasjon om krav til AIS for fritidsfiskarar.