Regelverk for fisket etter leppefisk
Her kan du lese det du treng for å fiske leppefisk, finne relevante skjema til fiske og beskrivelse av regelverket.
Minstemål og maksimalmål
Fiske etter leppefisk føregår i tre geografiske område: Sørlandet, Vestlandet og nord for 62°N. Det er i all hovudsak artane bergnebb og grøngylt som blir fiska.
| Art | Minste- og maksimalmål |
|---|---|
| Grøngylt | Minstemål 12 cm |
| Berggylt | Minstemål 22 cm, maksimalmål 28 cm |
| Andre leppefiskartar | Minstemål 11 cm |
Tidsrom for fiske etter leppefisk
Du kan fiske etter leppefisk i desse tidsromma:
- Sør for 62°N, frå 13. juli kl. 08:00 til 20. oktober kl. 20:00
- Nord for 62°N, frå 27. juli kl. 08:00 til 20. oktober kl. 20:00
Utanom desse tidsromma er leppefisk freda.
Forbud mot fiske i eit område sør for Bergen
Det er forbode å fiske leppefisk i eit område i Austevoll kommune.
Leveringsavtale
Leveringsavtalen med godkjent kjøpar må føreligge før fartøyet startar opp fisket etter leppefisk. Leveringsavtalen skal framvisast ved kontroll eller på førespurnad frå Fiskeridirektoratet, Kystvakta eller fiskesalslaga.
Fartøygruppar
Fartøykvote i lukka gruppe er på 50 000 leppefisk per fartøy.
Fartøy som deltek i lukka gruppe må innan 23. oktober kl. 20:00 ha tømt alle innretningar for mellomlagring av leppefisk, og levert leppefisken til kjøpar.
Maksimalkvotar i ope gruppe er på 10 000 leppefisk per fartøy.
Fartøy som deltek i ope gruppe, fritidsfiske eller fiske under ungdomsfiskeordninga må ha tømt alle innretningar for mellomlagring av leppefisk, og levert leppefisken til kjøpar innan 23. oktober kl. 20:00, eller innan 72 timer frå ein stopp i fisket.
For deltaking i ope gruppe gjeld alminnelege vilkår. Det er blant anna vilkår som at
- eigar sjølv er høvedsmann om bord i fartøyet, med mindre det er gitt dispensasjon i samsvar med alminnelege reglar
- fartøyeigar kan delta med eitt fartøy i ope gruppe
- fartøyeigar som deltar med fartøy i lukka gruppe kan ikkje også delta med fartøy i ope gruppe.
For gruppa som deltek som fritidsfiskarar, kan du sjå eiga side med informasjon eigna spesielt for fritidsfiske av leppefisk.
Reiskapsavgrensingar
Teiner
På kyststrekninga frå og med
- Sverige til og med Agder kan ein ha 100 teiner eller ruser per fartøyeigar.
- Rogaland og nordover kan ein ha 400 teiner og ruser per fartøyeigar.
Det er framleis krav om inngangssperre i reiskapen for å redusere bifangst av andre artar enn leppefisk, sjølv om fiskar er pålagt å straks sleppe all bifangst tilbake i sjøen.
Ruser
Frå grensa mot Sverige til og med Møre og Romsdal fylke, er det forbod mot å setje ut ruser for fangst av leppefisk.
Påbod om rømmingshol
Kvart år går eit betydeleg antal teiner og ruser tapt. For å hindre at tapte reiskap spøkelsesfiskar er det innført eit påbod om rømmingshol i teiner og ruser.
Sjå monteringsrettleiing for rømmingshol til fiske etter leppefisk.
Bifangst
Det er ikkje tillate å behalde bifangst i teiner eller ruser som er sett ut til fangst av leppefisk. Dette gjeld også bifangst av krabbe.
All bifangst skal straks tilbake i sjøen på ein slik måte at den ikkje vert skadd, og at den finn tilbake til sitt naturlege miljø. Denne ordninga gjeld også leppefisk fanga i strid med gjeldande minstemål eller som av andre grunnar må setjast tilbake i sjøen.
Posisjonsrapportering
Frå 1. januar 2026 skal alle fiskefartøy som tidlegare har nytta Kystfiskeappen følgje krav om elektronisk rapportering av fangst-, aktivitets- og posisjonsdata (ERS og VMS), uavhengig av fartøystørrelse.
Mellomlagring
Posisjonen til mellomlagringsmerder og andre innretningar for å lagre leppefisk i sjø skal innrapporterast elektronisk på eige skjema på Barentswatch.no.
Rapportering for fritidsfiskarar og ungdomsfiskarar (barentswatch.no)
Framgangsmåte for inn- og utmelding for fritidsfiskarar og ungdomsfiskarar (barentswatch.no)
Rapportering av reiskap for yrkesfiskarar (barentswatch.no)
Posisjon skal oppgjevast ved bruk av lengde- og breiddegrader. Den som fiskar etter leppefisk og mellomlagrar fisken i sjøen før levering til kjøpar, skal rapportere talet på merder og posisjonen når merdene blir tatt i bruk, når dei eventuelt blir flytta og når dei blir tatt opp eller ikkje lenger nyttast til mellomlagring av leppefisk.
-
Føring av setel for leppefiskarar
Ved landing av leppefisk skal det registrerast opplysingar om fangsten, som blir brukte til ressurskontroll, kvotekontroll og statistikkformål.
-
ERS, AIS og VMS
Fiske etter leppefisk krev nøye rapportering for ei berekraftig forvalting.
-
Leppefiske for fritidsfiskarar
Fritidsfiskarar må ha leveringsavtale for å kunne søkje om å drive fiske etter leppefisk.
-
Fangst av leppefisk
Her finner du statistikk om fangst av leppefisk fordelt på fartøygruppe, år, art og fangstområde.
Yrkesfiske Fangst Leppe-/rensefisk