Dekormønster

Fiskeridirektoratet har tre ulike enkle mønster som kan brukast som bakgrunnar; Garn, rutenett og bølgjer.

 

Illustrasjon som viser dekormønstre som kan brukes på mørk og lys bakgrunn.

Kvart av mønstera er laga i vår primære blåfarge, svart (grått) og kvitt, og kan brukast med låg kontrast på alle bakgrunnsfargar.

Dersom det skal plasserast tekst oppå mønsterflata, kan ikkje mønsteret ha for høg kontrast. Tilrådd rasterverdi på mønsteret er då 5 %.

Mønstera kan også plasserast med svak kontrast oppå bilde.

Illustrasjon som viser hvordan dekormønstre kan brukes rotert.

For større dynamisk variasjon kan mønstera roterast opp til 45 grader i til høgre eller venstre.

Bølgjeelement

Det er utvikla prinsipp for bruk av eit blått bølgjeelement for å dele opp flater og gi eit meir levande uttrykk.

Bølgjeelementet er ikkje ei fast fil eller form, og blir teikna unikt for det spesifikke formålet det skal brukast til.

Denne typen bølgjeelement blir brukt i vår primære blåfarge, med kvitt bølgjemønster med låg kontrast i bakgrunnen.

Dette kan til dømes brukast dersom ein ønskjer tekst saman med eller oppå eit bilde, der bølgjeelementet kan leggjast på bildet som ein bakgrunn for teksten. Alternativt kan bølgjeelementet brukast saman med ein av støttefargane våre for å gi eit meir fargerikt uttrykk.

Illustrasjon av hvordan bølgeelement kan brukes.
Illustrasjon av hvordan bølgeelement kan brukes.

Har du spørsmål om profilen vår?

Ta kontakt med kommunikasjonsavdelinga på epost: info@fiskeridir.no