Gebyr og avgifter innan akvakultur
Her finn du oversikt over kva gebyr og avgifter innan akvakultur du må betale.
1. Akvakultursøknader
Dersom du skal sende inn ein søknad om akvakulturverksemd, må du betale eit saksbehandlingsgebyr. Kvitteringa må leggjast ved søknaden.
Kvitteringa på betalt gebyr kan bestå av stempla kvittering frå bank eller post, nettbankkvittering påklistra originaloblat eller kontoutskrift (frå nettbank), som viser at gebyr er belasta og der Fiskeridirektoratet er mottakar.
Søknader som det ikkje er betalt gebyr for, vert rekna som ikkje-fullstendige og vil verte returnerte til søkjar.
Korleis betaler du
Du betaler til:
- Kontonummer: 7694.05.09048
- Adresse: Fiskeridirektoratet, Seksjon budsjett og virksomhetsstyring, Postboks 185 Sentrum, 5804 BERGEN
NB! Betalar sitt namn og adresse må oppgjevast ved betaling.
I tillegg vert følgjande betalingsopplysningar oppgjevne i meldingsfeltet:
- Kva betalinga gjeld: Gebyr akvakultursøknad
- Kva lokalitet det gjeld: Lokalitetsnamn eventuelt lokalitetsnummer
Det er tilstrekkeleg å oppgje det som er angitt i kursiv, til dømes slik:
Gebyr akvakultursøknad, Oppdrettsvika.
Gebyrsatsar
Type gebyr | Kroner |
---|---|
Alle søknader i samsvar med akvakulturlova og forskrifter heimla i denne. | 27 560* |
Søknader om manntallstillatelser (forskrift om akvakultur av andre arter enn laks, aure og regnbogeaure § 10 tredje ledd (lovdata.no)) | 6 890 |
Søknader om fiskepark (forskrift om akvakultur for laks, aure og regnbogeaure § 22 andre ledd (lovdata.no)) | 6 890 |
Søknader om tillatingar til fangstbasert akvakultur (forskrift om fangstbasert akvakultur (lovdata.no)) | 6 890 |
*Når du søkjer om ny lokalitet, skal du betale eit saksbehandlingsgebyr på kr 27 560,- per tillating som lokaliteten vert søkt klarert med. Dersom du søkjer om utviding av biomasse på ein allereie klarert lokalitet, skal du betale eit saksbehandlingsgebyr på kr 27 560,- per tillating som lokaliteten vert søkt utvida med. Viss du søkjer om arealendringar, skal du betale eit saksbehandlingsgebyr per klarerte og per omsøkte tillating. Sjå forskrift om gebyr og avgift i samband med akvakulturverksemd (lovdata.no).
Dersom du først får tilsagn, kan fylkeskommunane gje ein lokalitet per tilsagn utan at du betaler nytt gebyr. Viss du ønskjer fleire lokalitetar knytte til tillatinga, må du betale gebyr for dette på vanleg måte.
Det er likevel slik at same innehavar, ved søknad om auke av biomasse på ein allereie klarert lokalitet, kun betaler eitt gebyr for kvar standard storleik (eksempel 780 tonn MTB) som det vert søkt utviding om.
Du betaler ikkje gebyr når du søkjer om dispensasjon. Unntaket gjeld likevel kun sjølve dispensasjonssøknaden. Dersom dispensasjonssøknaden vert innvilga og det til dømes medfører klarering av lokalitet, må du betale gebyr for lokalitetsklareringa.
Du betaler heller ikkje gebyr for søknader om felles biomassetak for konsern (akvakulturdriftsforskriften sin § 48 (lovdata.no)).
2. Årsavgift for tilsyn og kontroll
For kvar lokalitet skal det betalast ei årleg avgift. Unntak frå plikta til avgift er lokalitetar til matfisk, stamfisk eller matfisk til forsøks-, forskings- og undervisingsføremål i ferskvatn og lokalitetar til manntallstillating.
Forskrift om gebyr og avgift i samband med akvakulturverksemd (lovdata.no).
Korleis betaler du
Fiskeridirektoratet fakturerer årsavgifta kvart år tidleg i oktober. Avgifta vert fastsett etter registrering i akvakulturregisteret per 15. september kvart år, og det er innehavarane av tillatingar som er klarert på lokaliteten som er solidarisk ansvarleg for betaling av avgifta.
Avgiftssatsar
Lokalitet/tillating | Kroner |
---|---|
Lokalitet til produksjon av matfisk, stamfisk eller matfisk til forsøks-, forskings-, undervisings- og visingsføremål, samt slaktemerd der klarert er lik eller større enn 65 tonn | 16 800 |
Lokalitet til fiskepark | 1 200 |
Lokalitet til produksjon av matfisk av laks, aure og regnbogeaure der klarert biomasse er frå og med 1561 til og med 3119 tonn, i Troms og Finnmark frå og med 1801 til og med 3599 tonn | 10 800 |
For lokalitet til produksjon av matfisk av laks, aure og regnbogeaure der klarert biomasse er lik eller større enn 3120 tonn, i Troms og Finnmark lik eller større enn 3600 tonn vert det betalt ei tilleggsavgift | 19 200 |
Innehavar av tillating til akvakultur av stamfisk av laks, aure og regnbogeaure betaler ei tilleggsavgift | 19 200 |
3. Avgift på produksjon av fisk
Avgifta omfattar oppdrettarar med akvakulturanlegg i norsk territorialfarvatn, med nokre unntak. Avgiftsplikta er regulert av særavgiftsforskriften (lovdata.no).
Verksemdene det gjeld får tilsendt vedtak om registrering for avgift på produksjon av fisk frå Skatteetaten.
Informasjon om avgifta finn du på sidene til skatteetaten (skatteetaten.no).