Gebyr og avgifter for yrkesfiskarar

Her finn du oversikt over kva gebyr og avgifter du som yrkesfiskar må betale.

1. Løyve til erverv og andre søknader

Du må betale gebyr når du søkjer om løyve til erverv, utskifting av fartøy, tildeling av særskild løyve (konsesjon) og årleg deltakartilhøve.

Du må også betale gebyr når du søkjer om spesielle kvoteordningar for kystfiske- og havfiskeflåten i medhald av havressurslova § 14 (lovdata.no), om unntak frå kondemneringskravet og om leigefartøy.

Korleis betaler du

Du må betale gebyret og sende kopi av kvitteringa til postmottak@fiskeridir.no før vi kan behandle søknaden.

Du betaler til:

  • Kontonummer: 7694.05.09048
  • Adresse; Fiskeridirektoratet, Seksjon budsjett og virksomhetsstyring, Postboks 185 Sentrum, 5804 BERGEN

NB! Namn og adresse til betalar og fartøyeigar må oppgis ved betaling.

Du må opplyse følgjande betalingsopplysningar i meldingsfeltet:

  • Kva betalinga gjeld, t.d.: Ervervsgebyr, «fartøynavn»
  • Radiokallesignal til fartøyet: 4 bokstavar eller 2 bokstavar + 4 tal

Det er tilstrekkeleg å oppgi det som er angitt i kursiv, til dømes slik: Ervervsgebyr, «Havhest», LLLL

Ved søknad om løyve til å skifte ut fartøy, må du også oppgi fartøynamn og kallesignal på fartøyet som skal skiftast ut.

Gebyrsatsane

Type søknadKroner
Løyve til erverv, også eigarskifte, for fartøy på eller over 15 meter største lengd med særskild løyve25 060
Løyve til erverv, også eigarskifte, for fartøy på eller over 15 meter største lengd, utan særskild løyve12 530
Løyve til erverv, også eigarskifte, for fartøy under 15 meter med særskild løyve og/eller med årleg deltakartilhøve6 265
Løyve til erverv, også eigarskifte, for fartøy under 15 meter utan særskild løyve eller årleg deltakartilhøve1 960
Førehandstilsagn om utskiftingsløyve6 265
Tildeling av særskild løyve6 265
Årleg deltakartilhøve6 265
Spesielle kvoteordningar for kystfiske- og havfiskeflåten i medhald av havressurslova § 146 265
Løyve til å nytte leigefartøy6 265

2. Merkeregisteret – innmeldingsgebyr

Du må betale gebyr når fartøyet ditt blir ført inn i Fiskeridirektoratet sitt register over merkepliktige norske fiskefartøy (merkeregisteret).

Korleis betaler du

Faktura blir sendt ut når du har sendt inn skjema for innmelding i merkeregisteret. Fakturaen blir send av Statens innkrevingssentral.

Gebyrsatsane

Lengda på fartøyetKroner
0–14,99 meter største lengd1 045
15–27,99 meter største lengd4 180
28 meter største lengd og over6 265

3. Merkeregisteret – årleg avgift

Dersom du eig fartøy som er registrert i Fiskeridirektoratet sitt register over merkepliktige norske fiskefartøy (merkeregisteret), må du betale ei årleg avgift for kvart fartøy du eig.

Dersom du er registrert som eigar per 1. januar, er du ansvarleg for innbetalinga, uavhengig av seinare eigarskifte.

Du får tilsendt faktura rundt 15. februar kvart år, og avgifta må vere betalt innan 15. mars.

Korleis betaler du

Du får tilsendt faktura frå Statens innkrevingssentral.

Du skal kontakte Statens Innkrevingssentral dersom:

  • det er feil namn, adresse eller beløp i fakturaen
  • fakturaen allereie er betalt
  • du ønskjer betalingsutsetjing

Avgiftssatsane

Lengda på fartøyetKroner
0–14,99 meter største lengd625
15–27,99 meter største lengd1 250
28 meter største lengd og over1 750

4. Avgift på viltlevande marine ressursar

Fiskesalslaga må betale avgift på viltlevande marine ressursar som er hausta av norskregistrerte fartøy, og som er omsette i første hand i samsvar med fiskesalslagslova.

Fiskesalslaga må registrere seg som avgiftspliktig verksemd hos Skatteetaten. Avgifta er regulert av særavgiftsforskrifta (lovdata.no).

Du finn informasjon om avgifta på sidene til Skatteetaten (skatteetaten.no).