Kartleggje fiskerinæringa 2025
Korleis fungerer regelverket i praksis? Vi spør yrkesfiskarar og fiskemottak hausten 2025.
Slik blir regelverket opplevd i praksis
Undersøkinga er avslutta. Mange ønskjer å følgje regelverket – men opplever at det ikkje alltid er like enkelt i praksis.
Sjå kva som skaper utfordringar og kva som gjer det lettare å etterleve (pdf, 1.3 MB)
Vi vil høyre frå deg
Hausten 2025 gjennomfører Fiskeridirektoratet ei anonym spørjeundersøking i samarbeid med analysebyrået Opinion.
Vi vil høyre frå deg som jobbar som yrkesfiskar, eller som dagleg leiar eller kaiformann ved eit fiskemottak: Kva fungerer – og kva er utfordrande – når reglane for fiske og mottak av fangst skal følgjast i kvardagen?
Bakgrunn for undersøkinga
I 2024 intervjua vi eit utval fiskarar og leiarar ved fiskemottak rundt om i Noreg. Temaet var kva som påverkar etterlevinga av regelverket. Samtalane gav oss viktig innsikt i korleis menneskelege, tekniske og praktiske forhold påverkar kvardagen i næringa.
Kva vi ønskjer å finne ut
No vil vi styrkje kunnskapen ved å lytte til fleire stemmer i næringa, gjennom ei brei og anonym spørjeundersøking hausten 2025.
Vi vil vite:
-
Kva reglar og rutinar som fungerer godt i praksis
-
Kva som blir opplevd som utfordrande å halde seg til
-
Kva som gjer det lettare eller vanskelegare å følgje reglane
-
Korleis Fiskeridirektoratet blir oppfatta som forvaltingsmyndigheit
Svara dine vil gi oss eit betre grunnlag for å gjere det enklare å følgje krav og reglar i samarbeid med næringa.
Kven får undersøkinga
Vi inviterer:
-
Om lag 10 000 yrkesfiskarar i fiskarmanntalet
-
Om lag 300 fiskemottak i kjøparregisteret, ved dagleg leiar eller kaiformann
Du blir kontakta av Opinion frå 15. september dersom du er blant dei inviterte.
Derfor er det viktig å delta
Di erfaring er viktig. Ved å svare:
-
Blir stemma di høyrd – anonymt og direkte
-
Gir du verdifulle innspel til forvaltinga
-
Bidreg du til at reglar og tiltak treff betre i praksis
Det tek berre nokre minutt – og det gir verdi for heile næringa.
Spørsmål og svar om undersøkinga
Her har vi samla dei vanlegaste spørsmåla vi får om spørjeundersøkinga.
Kva blir du spurt om?
Vi spør deg om dine erfaringar med å etterleve regelverket i kvardagen. Undersøkinga handlar mellom anna om:
- Kva er rolla di?
Til dømes skipper på fartøyet, dagleg leiar ved mottaket og/eller kaiformann.
- Kva fiskeri driv du?
Til dømes kvitfisk eller pelagisk.
- Korleis opplever du Fiskeridirektoratet si forvalting av regelverket?
Vi spør om erfaringane dine med korleis reglane blir praktiserte og handheva.
- Kor lett eller vanskeleg er det å forstå og følgje reglane?
Du kan fortelje om det er delar av regelverket som er særleg krevjande å etterleve, og kvifor.
- Korleis fungerer dialogen med oss?
Vi spør om korleis du opplever informasjon, rettleiing og kontakt med Fiskeridirektoratet.
- Kvar finn du informasjon om regelverket?
Kva kjelder bruker du – til dømes fiskeridir.no, næringsorganisasjonane, kollegaer eller andre?
- Kva meiner du vi bør gjere framover?
Dine forslag til kva Fiskeridirektoratet kan gjere for å gjere det enklare å følgje reglane.
Det finst ingen riktige eller gale svar – vi vil høyre om erfaringane dine slik du ser det.
Korleis svarar du?
Korleis du deltek i undersøkinga, kjem an på kva rolle du har.
- Er du yrkesfiskar?
Då får du ei lenkje til spørjeundersøkinga på SMS eller e-post. Du kan svare digitalt når det passar deg, på mobil, nettbrett eller PC.
- Er du dagleg leiar eller kaiformann ved eit fiskemottak?
Då blir du kontakta på telefon. Ein intervjuar ringjer og stiller spørsmåla direkte til deg som har ansvar for mottak av fisk. Nummeret du blir oppringd frå, er 48 84 11 51.
Uansett korleis du deltek, tek det berre nokre minutt å vere med. Svara dine er viktige for å forstå korleis reglane fungerer i praksis.
Kven skal svare?
Vi inviterer to hovudgrupper i fiskerinæringa til å delta i undersøkinga:
-
Om lag 10 000 yrkesfiskarar som er registrerte i fiskarmanntalet per september 2025, anten som hovudnæring (blad B) eller binæring (blad A).
-
Daglege leiarar og kaiformenn ved om lag 300 fiskemottak som er registrerte i kjøparregisteret per september 2025.
Vi ønskjer å høyre frå deg som kjenner regelverket for fiske og mottak av fangst gjennom jobben din – og som har erfaring med korleis det fungerer i praksis.
Kva tid får du invitasjon?
Undersøkinga blir gjennomført frå midten av september til midten av oktober 2025.
Yrkesfiskarar får tilsendt ei lenkje til spørjeundersøkinga på SMS eller e-post.
Daglege leiarar og kaiformenn ved fiskemottak blir kontakta på telefon. Nummeret du blir oppringd frå, er 48 84 11 51.
Dersom vi ikkje får svar, sender vi ut påminningar i vekene etter.
Er du anonym?
Ja. Ingen enkeltpersonar kan gjenkjennast i resultata, og svara kan ikkje sporast tilbake til deg.
Ditt personvern
Opinion AS gjennomfører undersøkinga for Fiskeridirektoratet. Alle svar blir behandla i tråd med personvernregelverket.
Les meir i Opinions personvernerklæring (ekstern lenkje).
Kontakt oss
Finn du ikkje svar på det du lurar på? Kontakt oss på info@fiskeridir.no så hjelper vi deg.