Fritidsfiske og marin forsøpling

Fiskeridirektoratet har gjennomført ei brukarundersøking om kunnskap og haldningar til marin forsøpling blant fritidsfiskarar.

Kunnskap og haldningar til marin forsøpling

Undersøkinga er avslutta og gir innsikt i kva fritidsfiskarar veit om marin forsøpling, korleis dei vurderer problemet, og kva kjelder dei meiner er viktigast.

Sjå rapporten om marin forsøpling blant fritidsfiskarar (pdf, 619.8 kB)

Om undersøkinga

Undersøkinga blei gjennomført i november 2024 som ei nettundersøking blant personar som fiskar i sjøen på fritida minst éin gong i året.

Utvalet består av 1620 respondentar, og undersøkinga er vekta på kjønn, alder og landsdel for å vere representativ for norske fritidsfiskarar. Føremålet var å kartleggje kunnskap om og haldningar til marin forsøpling.

Hovudfunn

Marin forsøpling er eit kjent omgrep blant fritidsfiskarar, og dei fleste ser dette som eit stort problem for miljøet i havet. Flest peikar på oppdrettsnæringa som ein viktig bidragsytar til marin forsøpling, medan tapte teiner, ruser og garn blir trekte fram som dei største kjeldene frå fritidsfiske.

Undersøkinga viser òg at mange har mista fiskereiskap i sjøen, og at Fiskeridirektoratet sine nettsider er den føretrekte kanalen for informasjon.