Utvida kontroll i pelagisk fiske
I haust gjennomfører kontrollstyresmaktene utvida kontroll med pelagisk fiske, både på havet, ved landing av fisk og på mottak. Kontroll kan bli gjennomført til alle døgnets tider.
Den utvida kontrollen er eit samarbeid mellom Fiskeridirektoratet, Kystvakten, Justérvesenet og Norges Sildesalgslag. Det er Fiskeridirektoratet som leier kontrollen.
– Dette er etatar vi samarbeider med heile året, men det blir ekstra tett når vi rettar merksemda vår inn mot spesielle fiskeri, slik som i dette tilfellet. Inspektørane i Fiskeridirektoratet og i Norges Sildesalgslag har utvida arbeidstid og kan planlegge sine kontrollar utifrå rådande omstendigheiter, noko som sikrar oss ein meir effektiv og fleksibel kontroll. Ved sida av å drive rein kontroll er det viktig at vi også kan rettleie næringsaktørane slik at regelbrot ikkje oppstår, seier seksjonssjef for fiskerikontroll og veiledning i Fiskeridirektoratet, Torkjell Andersen.
Til stades på felta
Ute på fiskefelta er Kystvakten til stades både for å observere utøvelsen av fisket, men å vere til stades er også viktig med tanke på beredskap.
– Å vere til stades med fartøy ute på fiskefelta er viktig for å observere aktiviteten på nært hald, og for effektiv gjennomføring av kontrollar. Kystvakten kontrollerer at fiskeriet vert gjennomført i samsvar med regelverket, og dokumenterer fangstsammensetning til nytte for mellom anna Havforskingsinstituttet. Makrellfisket i år er prega av stor innsats og store verdier, og tilbakemeldingar frå fiskarane er at Kystvaktens nærvær på fiskefelta bidrar til ryddigare forhold som igjen fører til ei meir berekraftig hausting, seier Njål Røkenes, avdelingsleder for kontroll og etterforskning i Kystvakten.
Kystvaktens nærvær på havet handlar også om sikkerheita til fiskeflåten.
- Når ein følgjer fiskeriet på denne måten kan Kystvakten raskt assistere fiskarar som har behov for medisinsk hjelp, eller fiskefartøy som har framdriftsproblem, seier Røkenes.
Halve kvoten tatt
I august og september er det fisket etter makrell som vil dominere i det pelagiske fisket. Etter kvart vil fokuset flytte seg spesielt over til nvg-sild. Men også andre pelagiske fiskeri, som industrifisket vil vere ein del av den utvida kontrollen.
På slutten av veke 35 er nær halve den norske makrellkvoten på 165.298 tonn oppfiska. Ringnotflåten har den største andelen med 114.368 tonn, trålarflåten har ein kvote på 6.493 tonn, og kystflåten har ein kvote på 31.450 tonn i 2025.
Fokusområder
I fisket etter makrell er det særleg kvotesamarbeid, samt landing av fisk som vil vere gjenstand for kontroll.
– Det inneber mellom anna at vi kontrollerer rapportering frå fartøya, og vi kontrollerer at rett art og kvantum blir registrert på sluttseddelen. Vi vil også rette særleg merksemd mot kvotesamarbeid og at regelverk for dette blir fulgt, seier Andersen.
Slike landingskontrollar skjer i samarbeid med Norges Sildesalgslag som også har inspektørar ute på kysten, og som dermed ivaretar salgslagas ansvar for å drive kontroll med fiskeria.
Justérvesenet har folk ute som vil kontrollere vekter, både at dei viser riktig vekt og blir brukt rett. Vektene skal vere plombert og avvik skal rapportertast.
Publisert: