Ulovleg sal av kamskjel
Fleire meldingar om ulovleg sal av kamskjel gir grunn til uro. Både for om maten er trygg og for bevaring av marine ressursar.
Ulovleg/svart omsetting av kamskjel kan skuldast både mangel på kunnskap og bevisst handling frå dei som dykkar etter kamskjel. Både store og små mengder kamskjel skal registrerast for å sikre både mattryggheit og bevaring av marine ressursar.
Maten skal vere trygg
Alle artar av skjel, som vert hausta for omsetning, skal vere trygge å ete.
Regelverket krev at all fangst skal gå via fiskemottak/ekspedisjonssentral, som skal vere godkjent av Mattilsynet for mottak, handtering, pakking og merking av kamskjel for vidare sal.
Føl med på blåskjelvarselet
Maten skal vere trygg anten om du omset han eller om du dykkar etter kamskjel til eige bruk. Derfor oppfordrar vi deg til å følgje med på blåskjelvarselet.
Publisert: