Ulovleg sal av fisk på sosiale medium
Vi åtvarar mot fleire tilfelle av ulovleg sal av fisk på sosiale medium, særleg på plattformer som Facebook. Fleire privatpersonar annonserer fangst for sal i lokale grupper. Dersom ein ikkje har dei nødvendige løyva er dette ulovleg.
– Vi ser ei bekymringsfull auke i annonsar der privatpersonar og fritidsfiskarar sel fisk direkte til andre privatpersonar. Eit døme er ei mor som annonserer og sel 70–80 kg filet som den mindreårige sonen hennar har fiska. Dette er ikkje lov, og kan føre til både bøter, inndraging av fangst og utstyr, seier Nils-Olaf Larsen, gruppeleiar i Fiskeridirektoratet.
I følgje regelverket er det berre registrerte yrkesfiskarar med godkjent båt og nødvendige løyve som har rett til å selje fisk. Fritidsfiskarar utan løyve for omsetning kan ikkje selje fangsten sin, uansett mengde eller type sjømat – det gjeld både torsk, sei, krabbe og anna.
Sal av fangst for fritidsfiskarar
For sal av fisk går det eit tydeleg skilje mellom fritidsfiske og yrkesfiske. Dersom båten ikkje er registrert i fartøyregisteret, vert du rekna som fritidsfiskar, og ein person eller eit føretak kan ikkje omsette fangst for meir enn 50 000 kroner per kalenderår. Omsetninga skal alltid skje gjennom eit fiskesalslag eller ein godkjend kjøpar.
Dersom du har fått dispensasjon frå ditt salslag til å selje fangsten ved kai, skal du vere registrert i kjøparregisteret.
Du kan kontakte oss eller fiskesalslag for meir utfyllande informasjon om korleis du som fritidsfiskar kan selje fangsten din.
Sosiale medium gjer det lett – men ikkje lovleg
Det er enkelt å selje fisk i kjøp-og-sal-grupper på Facebook og liknande plattformer, men det gjer det ikkje lovleg.
– Det kan verke uskyldig, men kjøp og sal av fisk utan løyve er eit alvorleg lovbrot. Det skaper urettferdig konkurranse, skadar dei seriøse aktørane og gjer det vanskeleg å ha oversikt over fisket og kor mykje som blir henta ut frå havet, seier Larsen.
Oppfordring til publikum
Fiskeridirektoratet ber både seljarar og kjøparar om å setje seg inn i regelverket. Den som kjøper fisk frå ulovlege seljarar, er med på å halde liv i ein svart økonomi, og kan sjølv bli halden ansvarleg.
Kjøp fisken frå godkjende utsal, så er du trygg på at han er lovleg omsett.
Kort oppsummert:
- Det er ulovleg for privatpersonar og fritidsfiskarar å selje fisk, også på Facebook.
- Fritidsfiskarar kan omsetje fangsten, men då skal det alltid skje gjennom eit fiskesalslag eller ein godkjend kjøpar.
- Ulovleg sal kan føre til bøter, inndraging og straffeansvar.
Publisert: