Skjerpa krav til turistfiske

Frå 1. januar 2026 er krava til turistfiske ytterlegare skjerpa. Frå og med i år er det lov å ta med inntil 15 kg fisk eller fiskevarer ut av landet. Kravet til dokumentasjon er også skjerpa, og det er innført aldersgrense for eksport av fisk.

Som tidlegare er utførsel av fisk kun tillatt for gjester som har fiska frå ei registrert turistfiskeverksemd. Frå i år er mengden fisk ein kan ta med ut av landet redusert frå 18 til 15 kg fisk eller fiskevarer to gonger per år. Frå 2027 er planen å redusere dette til 10 kg per person.

For å kunne ta med fisk ut av landet må den som har fiska den sjølv ta den ut av landet. I tillegg er det innført ei aldersgrense på 12 år for å kunne føre fisk ut av landet.

Strengare krav til dokumentasjon

Kravet til dokumentasjon for å kunne ta med fisk ut av landet har vore noko uklart. Det er difor innført strengare krav til dokumentasjon. Dette er minimumskrava for å kunne ta med fisk ut av landet:

  • namn, fødselsdato og bustadadresse til den som fører ut fisken
  • namn, besøksadresse og organisasjonsnummer til den registrerte turistfiskeverksemda der fisket har foregått
  • tidsrom for opphald og fiskeperiode
  • dato for utferding av dokumentasjonen
  • namn, kontaktinformasjon og signatur frå ansvarleg person hos verksemda

Personen som er namngitt som turistfiskar på dokumentet må vere med når fisken blir ført ut av landet. Dokumentasjonen er individuell. Det er ikkje mogleg å gje dokumentasjon gruppevis.

Meir om regelverket for turistfiske.

Publisert: