Oppreinskingstokt på fiskefelta i 2025

Frå 7. august til medio september gjennomfører vi oppreinsking etter tapte fiskereiskap på prioriterte fiskefelt langs og utanfor kysten.

For fjerde år på rad brukar vi M/S «Vikingbank» til ryddearbeidet. Arbeidet er viktig for å redusere marin forsøpling og skjult utnytting av fisk og skaldyr.

M/S «Vikingbank». Foto: © fartøyet
Toktet vert gjennomført om bord på fartøyet M/S «Vikingbank». Foto: © fartøyet

Stor kapasitet

M/S «Vikingbank» har stor oppreinskingskapasitet og få avgrensingar med omsyn til lagerplass og vêrforhold. Mannskapet har opparbeidd seg lang erfaring og jobbar ofte døgnet rundt på desse tokta.

  • Det er likevel ikkje mogleg å dekke alle tap, og det blir nødvendig å prioritere. Av erfaring veit vi at reiskapstap i fiske etter blåkveite er spesielt utsett og vil bli prioritert, seier seniorrådgjevar Gjermund Langedal i miljøseksjonen.

Meld frå

Hugs at tap av fiskereiskap skal meldast inn dersom du sjølv ikkje finn igjen fiskereiskapen med eigne gjenfinningsforsøk.

  • Dersom du planlegg eigne gjenfinningsforsøk seinare, så meld tapet først, slik at andre fiskarar unngår å sette seg fast i ditt tape reiskap. Dette gjeld for alle fiskeri, men er særleg viktig med tanke på årets høge aktivitet på blåkveitefeltet, meiner Langedal.

For å utnytte oppreinskingskapasiteten best mogleg så er det viktig å hugse å melde frå om alle tapte fiskereiskap, slik at dette vert gjort synleg i FiskInfo | FiskInfo - BarentsWatch  

  • Dersom du ikkje får meldt frå så kan du ta kontakt med oss direkte, oppfordrar Langedal.

Publisert: