Ønskjer tips om rømt fisk i Hardanger

Fiskeridirektoratet har fått tips om rømt oppdrettslaks i Strandebarmsbukta i Hardanger, og ønskjer at andre også melder frå om eventuell fangst og observasjonar i området.

Meldingane frå publikum dreier seg om laks i storleiken 3-7 kg.

Fiskeridirektoratet kan per i dag ikkje knyte observasjonene til nokon kjent rømmingshending. Vi har kontakta aktuelle oppdrettarar i området og bedt om tilbakemelding på kontroll av anlegg.

Meld frå i vår tipsløysing

Fiskeridirektoratet ønskjer at publikum melder frå om fangst av oppdrettslaks i området. Legg gjerne ved bilde av fisken.

Tips Fiskeridirektoratet | Fiskeridirektoratet

Publisert: