Ny metode for måling av hummar

Frå 1. oktober skal du måle lengda på ryggskjoldet, ikkje heile lengda på hummaren.

Etter ei høyring tidlegare i år er det vedteke å endre måten hummar blir målt på. Ryggskjoldlengd gir eit meir presist og stabilt mål enn totallengd. Ryggskjoldet har faste målepunkt og kan ikkje strekkjast eller manipulerast på same måte som hale og pannehornet.

Den nye målemetoden krev også mindre handtering av hummaren og er derfor betre for dyrevelferda.

Slik måler du ryggskjoldet på hummaren

Ryggskjoldlengda måler du frå bakre del av augehola til bakkanten av ryggskjoldet ved midtlinja. Målepunkta er viste i bileta under.

Illustrasjon: På biletet til venstre ser du kor ryggskjoldlengda skal målast. Biletet til høgre viser målepunktet bak augehola. Foto: © Havforskingsinstituttet
Illustrasjon: På biletet til venstre ser du kor ryggskjoldlengda skal målast. Biletet til høgre viser målepunktet bak augehola. Foto: © Havforskingsinstituttet

Nye minste- og maksimalmål

Samtidig blir minste- og maksimalmåla justerte. Minste tillatne ryggskjoldlengd blir 90 mm. Det tilsvarar om lag 253 mm totallengd, mot eit minstemål på 250 mm i dag.

Frå svenskegrensa til og med Agder blir største tillatne ryggskjoldlengd 115 mm. Det tilsvarar om lag 320 mm totallengd.

Endringane gjeld frå starten av årets hummarfiskesesong 1. oktober.

Publisert: