Ny handlingsplan mot marin forsøpling
Fiskeridirektoratet har vedtatt ein ny handlingsplan mot marin forsøpling for perioden 2026 – 2030. Planen lister opp tiltak innenfor fiskeri, fritidsfiske og akvakultur.
Marin forsøpling er eit stort, globalt og samansett problem, ofte forklart som plast og anna avfall på avvegar. Slik forsøpling kan ha store konsekvensar for havmiljøet, økosystem og dyreliv i havet.
– Fiskeridirektoratets mål for arbeidet mot marin forsøpling er å gjere arbeidet vårt knytt til opprydning på havet overflødig. Dette krev både forebyggande tiltak og konkrete tiltak som reduserer behovet for opprydding. Det kan vere å ta i bruk reiskap og utstyr som er biologisk nedbrytbare, og det kan vere å finne tekniske løysingar som gjer det lettare å gjenfinne tapt reiskap, seier divisjonsdirektør Jon-Erik Henriksen Fiskeridirektoratet.
Tiltak i yrkesfiske
Noreg er ein stor fiskerinasjon og det viser seg også i data over type marint avfall eller plast i havet og som ender opp på kysten. Meir enn halvparten av alt plastavfall på norske strender kjem frå fiskeriaktivitet.
– Det er mange ulike årsaker til at deler av fiskereiskapar og fiskeutstyr hamnar på havet. Det kan vere forbunde med uvær, det kan vere uhell og det kan i nokre tilfelle vere likegyldigheit. Handlingsplanen er difor tydeleg på at forebygging er viktig, både i utøvinga av fisket, men også i regulering, rettleiing og tilrettelegging, seier Henriksen.
Sjølv om det overordna målet med arbeidet mot marin forsøpling er å gjere oppryddingsarbeidet overflødig, vil Fiskeridirektoratet måtte drive opprydding av tapte fiskereiskapar i uoverskueleg framtid.
– Erfaringane dei siste åra viser at vi tar opp stadig meir tapte fiskereiskapar og planen tar difor høgde for at dette arbeidet vil halde fram også dei komande åra, seier Henriksen.
Tiltak i fritidsfiske
I fritidsfiske er tap av teiner, garn og ruser dei største kjeldene til marin forsøpling. Yrkesfiskarar er pålagt å melde inn tap av fiskereiskap, noko som gjer det lettare å finne igjen og ta opp reiskapen. I fritidsfiske er dette inntil vidare frivillig. I tillegg er kunnskapsnivået om bruken av fiskereiskap naturleg nok mindre enn i yrkesfiske.
– I fritidsfiske er det difor viktig med haldningskampanjar som set søkelys på å auke kunnskapen om bruk av fiskereiskapar, og at tap av reiskap blir meldt inn i «Fritidsfiskeappen». Fiskeridirektoratet har i tillegg utvikla nettkurset «Skitt fiske» som vil auke kunnskapen til fritidsfiskarar slik at tap av reiskap blir redusert, opplyser Henriksen.
Tiltak i akvakultur
Langs kysten og i fjordane utgjer oppdrettsanlegg ei kjelde til marin forsøpling, men det er mindre kjent kor stor del av den totale forsøplinga som kjem frå akvakultur enn frå fiskeri. Både tap av enkeltkomponentar og kontinuerleg tilførsle av mikroplast frå gnag på anlegg og forslangar bidrar til marin forsøpling frå akvakulturnæringa.
– Her vil også førebygging og bevisstgjering vere viktig for å redusere marin forsøpling, til dømes gjennom regelverk, tilsyn og rettleiing. Sidan akvakultur er ei til dels ukjent kjelde til marin forsøpling bør vi vurder innføring av merking av akvakulturutstyr slik at det er mogeleg å identifisere eigar ved tap. I tillegg kan det vurderast å innføre ei meldeplikt for tap av utstyr, seier Henriksen.
Det er krav om fullstendig opprydding ved opphøyr av drift på akvakulturanlegg. I handlingsplanen er det tatt til orde for å innskjerpe dette kravet ved tettare oppfølging ved permanent driftsstans.
Ambisiøs
Den første handlingsplanen mot marin forsøpling vart vedteken i 2021 og vil utgå ved komande årsskifte. Denne planen har ei rekkje tiltak og der om lag 75 prosent av alle tiltak er heilt eller delvis gjennomført.
– Den nye planen er også ambisiøs og vi håper at den skal føre til større merksemd omkring marin forsøpling på alle områder, seier Henriksen.
Fiskeridirektoratets handlingsplan mot marin forsøpling 2026 - 2030 (pdf, 799.3 kB)
Publisert: