Notskadar i oppdrettsanlegg på Røvær
Røvær Fjordbruk AS meldte denne veka at dei har oppdaga to større skadar i ei merd ved lokaliteten Flatholmen i Haugesund kommune i Rogaland. Lokaliteten ligg i øygruppa Røvær, vest for Haugesund.
Oppdrettslaksen i den aktuelle merden har ein storleik på om lag 2,5 kg. Selskapet har sett ut gjenfangstgarn og har så langt fanga 14 oppdrettslaks. Det er for tidleg å sei noko om omfanget av rømminga.
Fiskeridirektoratet følgjer opp saka med tilsyn, etter vanleg prosedyre.
Tips oss om du fangar oppdrettslaks
Vi ønskjer at publikum tipsar oss om fangst og observasjon av oppdrettslaks i området.
Legg gjerne ved bilete av fisken. Tipsa vil vere til hjelp for vår vurdering av omfang og spreiing av oppdrettsfisken.
Hugs å følgje gjeldande fiskereglar i området.
Publisert: