Meldingar om fangst av rømt oppdrettslaks i Kvinnherad i Vestland
Fiskeridirektoratet har fått meldingar om at det siste døgnet er fanga om lag 15 oppdrettslaks i Høylandssundet aust for Halsnøy i Kvinnherad kommune. Fisken som er fanga, er i storleiken 3-6 kg.
Fiskeridirektoratet kan per no ikkje knyte fangstane til nokon kjend rømming, og vil kontakte aktuelle oppdrettsselskap i området.
Tips oss om du fangar oppdrettslaks
Vi ønskjer at publikum tipsar oss om fangst og observasjon av oppdrettslaks i området. Legg gjerne ved bilde av fisken: Tips Fiskeridirektoratet
Tipsene vil vere til hjelp for vår vurdering av omfang og spreiing av oppdrettsfisken.
Gjeldande fiskereglar i området må følgjast.
Publisert: