Makrellfisket i gang – kraftig kvotekutt

Fisket etter makrell er så smått kome i gang og den norske kvoten er, med utgangspunkt i redusert bestand, kraftig kutta frå i fjor.

Den norske kvoten for makrell er, etter justering og avsetningar, på 81.375 tonn. Dette er ned vel 50 prosent frå i fjor då totalkvoten var på 165.298 tonn. Bakgrunnen er sterk nedgang i bestanden.

Kontrolletatane legg opp til tett samarbeid og koordinerte kontrollar i løpet makrellsesongen.

«Highgrading»

Redusert kvote kombinert med gode prisar på den største makrellen kan medføre risiko for såkalla «highgrading» eller slepping av fangst, som ikkje er i tråd med regelverket.

– Både Fiskeridirektoratet, Kystvakten og Sildelaget vil ha merksemd retta mot makrellfisket gjennom sesongen. Fiskeridirektoratet vil vurdere å ha inspektørar om bord på utvalde fartøy, og Kystvakten vil følge opp med kontroll på fiskefelta for å sikre korrekt registrering av ressursuttaket, seier seksjonssjef for fiskerikontroll og veiledning, Torkjell Andersen.

KV Bergen på makrellfeltet

– Kystvaktfartøyet Bergen kom til makrellfeltet kort tid etter at dei første fartøya hadde starta fiske, seier avdelingsleiar for kontroll- og etterforsking i Kystvakten, Njål Røkenes.

Fiskeflåten har vore spreidd då makrellen var lite tilgjengeleg for flåten i starten. Fleire fiskefartøy har kome til feltet dei siste dagane, og flåten ligg no meir samla. Kontroll på feltet viser makrell på om lag 37/38 cm, og så langt ingen problematikk med bifangst i fisket foreløpig.

– Dette bildet kan endrast og Kystvakten vil prioritere å vere til stade i makrellfiske framover. På generelt grunnlag vil vi understreke betydninga av at slippingsreglane vert følgt om fangst må sleppast. Det er viktig at fisket vert utøvd slik at vi sikrar ei positiv utvikling for makrellen framover, seier Røkenes.

Sildelaget prioriterer kontroll og nærvær

Norges Sildesalgslag følgjer makrellfisket tett og prioriterer nærvær, ressurskontroll og kvalitetskontroll gjennom sesongen.

– Vårt nærvær på kaikanten skal bidra til god etterleving, korrekt rapportering og trygg gjennomføring av fisket. Vi samarbeider tett med Fiskeridirektoratet og Kystvakten for å samordne ressurskontrollaktiviteten og sikre ei målretta oppfølging der aktiviteten er størst, seier leiar for kontrollavdelinga i Sildelaget, Lene Roska Aalén.

Makrellkvotar 2026

Norsk totalkvote: 81.375 tonn

Gruppekvote ringnot: 45.265

Gruppekvote små ringnotfartøy: 4.188 tonn

Gruppekvote trål: 3.144 tonn

Gruppekvote kystfartøy: 26.323 tonn

Avsetning til forsking: 955 tonn

Avsetning til agn: 1.300 tonn

Avsetning rekruttering lukka gruppe kyst: 323 tonn

Avsetning rekruttering ope gruppe kyst: 200 tonn

Publisert: