Makrellfisket greitt gjennomført

Den norske kvoten for makrell for 2025 er så godt som oppfiska. Det er avdekka ein del regelbrot, men generelt er fisket stort sett greitt gjennomført.

Rekordhøge prisar på over 50 kr per kg har bidratt til at store verdiar har blitt  ført til lands, trass i at den norske kvoten er mindre i år enn i 2024.

Kontrollsamarbeid

Fiskeridirektoratet har i samarbeid med Justervesenet, Kystvakta og Norges Sildesalgslag overvaka og kontrollert fisket etter makrell. Makrellen vart i starten fangsta i norsk sone med relativ bra storleik. Seinare i sesongen flytta fiskeriet seg inn i britisk sone.

– Generelt er inntrykket at makrellfisket har gått greitt for seg. Vi har avdekt ein del regelbrot som no blir følgt opp på ulikt vis. Mindre alvorlege regelbrot får gjerne såkalla rettleiing eller åtvaring. Meir alvorlege regelbrot kan bety at det blir ilagt lovbrotsgebyr, medan dei mest alvorlege lovbrota kan bli meldt til politiet med potensiell straff, seier seniorrådgivar Karl Anton Lorgen i Fiskeridirektoratet.

Mange i ope gruppe

Den største endringa frå tidlegare år, var den store deltakinga i fisket frå fartøy i opa gruppe, det vil seie fartøy under 13 meter.

– Den høge prisen kan kanskje vere noko av årsaka, men Fiskeridirektoratet har også avdekt fleire tilfelle der ein del mindre fartøy ikkje har følgt regelverket. Til dømes har vi avdekka at sluttsetlar har vore skreve på fartøy som ikkje har fiska sjølv, seier Lorgen.

Sildefisket godt i gang

Medan makrellfisket er nær avslutta, er fisket etter nvg-sild godt i gang. Det mest intense fisket skjer i fjordane i Nord-Troms og i Vest-Finnmark der silda kjem tett inn på kysten om hausten og står tett slik at den er relativt lett tilgjengeleg.

– Ut i frå tilbakemeldingar og observasjonar, ser det ut til at sildefisket har gått greitt så langt. Både Fiskeridirektoratet Sjøteneste og Kystvakta er til stades på fiskefelta. Det er god tilgang på sild, og det blir rapportert om mindre utfordingar i høve til bifangst. Det minkar fort på kvoten her også, så i løpet av november månad er høgst sannsynleg det meste av NVG silda oppfiska, seier Lorgen.

Publisert: