Kystfiskeappen vert lagt ned og erstatta av ERS og VMS
Frå 1. januar 2026 skal alle fiskefartøy som tidlegare har nytta Kystfiskeappen følgje krav om elektronisk rapportering av fangst-, aktivitets- og posisjonsdata (ERS og VMS).
Kystfiskeappen har vore eit viktig rapporteringsverktøy sidan 2015, men vidare rapportering skal no skje gjennom ERS og VMS. Det er difor vedteke at appen skal leggjast ned frå nyttår. Dette er i tråd med høyringa som ble sendt ut tidlegare i år.
Ved å samle rapporteringa i ERS og VMS får både fiskarar og forvaltninga eit meir moderne og stabilt system som legg til rette for enklare rapportering, betre kontroll og auka sporbarheit i fiskeria.
Kven gjeld dei nye krava for
Krava gjeld for alle, uavhengig av fartøystørrelse, som tidlegare har nytta Kystfiskeappen, med nokre endringar. Sjå uttømmande liste over kven som må følgje dei nye krava. I tillegg gjeld krava for alle fiskefartøy frå og med 8 meter.
Krav om rapportering av haustingsaktivitet gjeld for alle fartøy som er omfatta av ERS-forskrifta. Dette inneber at dersom fartøyet er omfatta av forskrifta, skal all haustingsaktivitet rapporterast gjennom heile kalenderåret. Krav om VMS inneber at fartøyet skal sende posisjonsmelding kvar dag gjennom heile kalenderåret.
Tre ting du må gjere for å vere klar til fiske 1. januar 2026
- Du må kontrollere at fartøyet ditt har kjenningssignal (radiokallesignal).
- Du må velje ein leverandør for posisjonsrapportering (VMS) og bestille nødvendig utstyr og abonnement.
- Du må velje ein leverandør for rapportering av haustingsaktivitet (ERS).
For meir informasjon om korleis du får kjenningssignal registrert og velje leverandør for ERS og VMS, sjå vår side om veiledning for innføring av ERS og VMS. Her får du det treng for å vere klar til fiske 1. januar 2026.
Vi oppmodar dei som er omfatta av dette til å starta dei nødvendige prosessane så snart som mogleg.
Publisert: