Kontroll viste 0 fangst av undersmålssei

Fiskeridirektoratet og Kystvakten gjennomførte i veke 16 kontroll med fiske etter sei med not sør for 62 ° N. Kontrollene viste ingen sei under minstemålet på 32 cm.

Dette minstemålet gjeld innafor 4 nautiske mil frå grunnlinja sør for 62 ° N. Nord for 62° N til 68° 30 minuttar N er minstemålet 40 cm og 42 cm nord for dette. I området 62 N og 66° 33’ N blir det midlertidige minstemål på 35 cm endra til 40 cm frå og med 23. april (midnatt).

– Det er innført strenge krav for å unngå fangst av fisk under minstemålet i fiske etter sei nord for 62 ° N i år, og samarbeidskontrollen som Kystvakten og Fiskeridirektoratet gjennomførte viste ingen sei under minstemålet på 32 cm sør for Stad. Øvrige kontroller av fangst fisket før for Stad viste heller ingen sei under 32 cm. Det er eit gledeleg resultat, seier seksjonssjef for fiskerikontroll og veiledning, Torkjell Andersen.

Vasstrekk ikkje tillatt

Fiskeridirektoratet vil minne flåten om at det ikkje er tillatt med vasstrekk ved landing og seddelføring av notfanga sei.

– Vegd kvantum skal opplysast på landings- og sluttseddel utan fråtrekk for vatn. Nokre unnatak kan gjevast. Vi viser i så måte til skriv om midlertidig praktisering av vasstrekk ved landing av artar som er produsert eller oppbevart på ein bestemt måte om bord på fartøyet, eller som vert landa og vegd i ein bestemt tilstand, seier Andersen.

Praktisering av vasstrekk (pdf, 76.3 kB)

Publisert: