Kontroll i hummerfiske
I dagane før hummarfisket startar 1. oktober og i dagane etter er kontrollmyndigheitene ute og kontrollerer at ingen startar for tidleg eller fiskar hummar ulovleg på anna vis. Kontrollane avslører at det føregår ein del ulovleg hummarfiske, men dei fleste gjer som dei skal.
I samarbeid med Kystvakten, politiet og Statens Naturoppsyn har Fiskeridirektoratet vore ute på kysten og kontrollert og snakka med folk som er ute på sjøen for å fiske. I løpet av nokre få dagar er det beslaglagt dusinvis av teiner med same feil eller manglar som går igjen år etter år.
Trass i at det blir avdekka ei rekkje ulovlege reiskapar og andre ulovlegheiter, er inntrykket at dei fleste driv sitt fiske i henhold til regelverket.
Tjuvstartar
Mange startar for tidleg og set teiner med ulovleg fluktopning før startskotet går 1. oktober kl. 08:00, ofte for å sikre seg dei beste hummarplassane. Teiner med fluktopning på 60 mm er kun lovleg å bruke i den tida hummarfisket er ope. Resten av året skal fluktopninga vere minimum 80 mm, og då skal all hummar tilbake i sjøen.
I mange år har det vore påbode med såkalla råtnetråd i teiner for fangst av krabbe og hummar, men også i teiner for fangst av kreps. Men likevel er det mange som unnlet å tilpasse teinene sine med bomullstråd. Bomullstråden skal brukast til å sy igjen eit rømmingshol i teina (ikkje det same som fluktopning), eller sikre endeveggen med bomullstråd, og når tråden råtnar vil fanga dyr kunne kome seg ut or teina enten via eit hol eller ved at endeveggen fell ned når bomullstråden som held den stengd er borte.
Samarbeid
Kontrollane i samband med oppstart av hummarfisket har vore utført på store deler av kysten i Sør-Norge. I vest har Fiskeridirektoratets fartøy «Rind» og kystvaktskipet «KV Njord» kontrollert og funne mange avvik og ulovlege reiskapar. «Rind» har på få dagar gjennomført 42 kontrollar og gjort beslag av både teiner og ruser.
Lenger sør har KV Nornen hatt med folk frå politiet, SNO og Fiskeridirektoratet og gjennomført kontroll på strekninga Egersund-Kristiansand. Her vart det mellom anna beslag av teiner med igjensydde fluktopningar. Då har mindre dyr som hummarar under minstemålet ingen sjansar til å unnsleppe slik dei skal når fluktopninga er lovleg.
Det blei også funne ei lenke med 13 teiner som ble beslaglagt pga manglande rømmingshol. I fleire teinene var det hummar.
Oslofjorden
I Oslofjorden har Fiskeridirektoratets patruljebåt «Frey» hatt kontroll i både etablerte og nyoppretta fredingsområde for hummar. «Frey» er hurtiggåande og kan dekke store område på relativt kort tid. Dert vart beslaglagt teiner i både etablerte og nye fredingsområder for hummar. «Frey» vil fortsette kontroll i Oslofjorden ei tid framover, spesielt med tanke på nye reglar for teinefiske i Oslofjorden.
Det vart beslaglagt 10 teiner frå to fredningsområder. Fleire av desse hadde for liten fluktopning ved at trådar i teina sperra for fluktopninga. Andre mangla merking og ei teine hadde ikkje råtnetråd. To av teinene vart beslagtlagt med bakgrunn i manglande påmelding til årets hummarfiske. Teiner som vart kontrollert med mangelfull merking vart merka med ei årtvaring, men fekk stå i sjøen.
Frå og med denne sesongen kan fritidsfiskarar i Oslofjorden, definert av ei linje frå grensa mellom Telemark og Agder og til svenskegrensa, berre bruke 5 teiner til hummarfiske. I tillegg er det innført tre nye fredingsområder for hummar og eitt eksisterande område i Asker er utvida.
Last ned Fritidsfiskeappen!
Fiskeridirektoratet oppmodar alle som skal fiske hummar til å oppdatere seg på regelverket og spesielt orientere seg om kor det er etablert fredingsområde. I år er det etablert 11 nye område på kysten.
Last ned Fritidsfiskeappen! Den inneheld alle relevante reglar og kart over fredingsområder. I tillegg har den nyttig informasjon om artar, og du kan melde inn tap av reiskap dersom du er uheldig å miste det.
Publisert: