Gjentakande utfordringar i hummarfisket

Hummarfisket i sesongen 2026 har no pågått i to veker og alle kontrollmyndigheiter er ute og kontrollerer at fisket går riktig for seg. Både Fiskeridirektoratet, Kystvakten, politiet og Statens Naturoppsyn har i denne tida merksemd retta mot hummarfisket.

Det er dei same regelbrota som går igjen frå det eine året til neste. Manglande og feil fluktopningar, det er feil eller mangelfullt merka teiner og vak og det er feil eller manglande bruk av bomullstråd til rømmingshol.

I perioden frå 1. september til 7. oktober har Fiskeridirektoratet gjennomført 43 kontrollar. Teiner med kjend eigar som blir beslaglagt blir anmeldt, og beslaglagde teiner med ukjent eigar blir lagra og etter kvart destruert. I alt vart det beslaglagt 72 teiner med ukjent eigar.

Det er patruljert i 27 fredningsområde for hummar, og det blei tatt beslag i to teiner i fredningsområdet ved Bastøy i Horten kommune og to teiner i fredningsområdet ved Stavanger – Hundvåg. I dei andre 25 fredningsområda vart det ikkje funne teiner.

Kystvakten

Kystvakten har gjennomført kontrollar med fleire fartøy i same periode og har funne både lovlege og ulovlege teiner. Dei ulovlege teinene har same regelbrot som nemnt over. Det er kontrollert 143 reiskap som har resultert i 10 anmeldelsar, der fire gjeld teiner beslaglagt før 1. oktober.

I perioden 1. september til 11. oktober har Kystvakten ilagt 22 advarslar og ni hummarar med rogn er sett tilbake i sjøen. Kystvakten minner om fokus på sjøsikkerheit under årets hummerfiske. Har ein ikkje anledning til å røkte teinene sine grunna dårleg vær, kan ein gi beskjed til Fiskeridirektoratets vaktsentral, FMC.

Politiet

Politiet deltok på ein større samordna kontroll som starta før hummarsesongen opna og som varte nokre dagar inn i hummarfisket. Politiet la ut ei pressemelding frå aksjonen måndag 12. oktober.

Pressemelding frå politiet (åpnes i ny fane)

Ny målemetode

Nytt i år er at hummaren skal målast frå bakre augehole til bakkant av ryggskjoldet. Minstemålet er 90 mm og maksmålet på kysten frå svenskegrensa til og med Agder er 115 mm.

Les om ny målemetode

Vi minner om at alle som skal fiske hummar må registrere seg som deltakar hos Fiskeridirektoratet. Hugs at alle teiner skal vere merka med namn og adresse. Vak/blåser og samleteiner i hummarfisket skal i tillegg vere merka med deltakarnummer. Ver også merksam på kor teinene blir satt for å unngå at dei blir borte på grunn av botntopografi eller straum.

Publisert: