Full siger til Fiskeridirektoratet i rømmingssak

Fiskeridirektoratet har vunne fram på alle punkt i saka mot Aller Aqua Norway AS etter rømminga i Sogn i oktober 2022.

Rømminga var alvorleg og blei anmeldt til politiet.

Mange avvik

Aller Aqua Norway driv produksjon av fiskefôr og har eit sjøanlegg i Vadheim i Sognefjorden for utprøving av fôr. Det var frå dette anlegget det rømde om lag 35.000 laks i samband med lasting av fisk til den kombinerte brønn- og slaktebåten «Norwegian Gannet» natta mellom 28. og 29. oktober 2022.

Tilsyn gjennomført av Fiskeridirektoratet etter at rømminga var meldt inn viste 11 avvik, og saka vart meldt til politiet for vidare oppfølgjing. Politiet ila selskapet eit førelegget på 4.500.000 kroner som selskapet nekta å godta, og saka gjekk dermed til retten.

Redusert bot

No har Sogn og Fjordane tingrett handsama saka og Fiskeridirektoratet og påtalemakta har vunne fram på alle vesentlege punkter. Aller Aqua Norway er dømt til å betale 2.700.000 kroner i bot og har fått krav om saksomkostnader på 100.000 kroner.

– Det er ein grundig dom som fastset viktige prinsipp i tilsyns og reaksjonsarbeidet vi skal drive framover. Selskapet vart ikkje dømt for grov overtreding og bota er sett ned frå 4.5 millionar kroner, men elles gir dommen oss medhald på alle punkt. Saka er også eit godt døme på godt tverrfagleg samarbeid mellom våre seksjonar og mellom oss og politiet, seier fiskeridirektør Frank Bakke-Jensen.

Kjønnsmoden fisk

Årsaka til rømminga er manglande risikovurdering, nedlodding og kontroll av not ved ein risikofylt arbeidsoperasjon. Dette førte til at ein av propellane på fartøyet «Norwegian Gannet» har trekt til seg nota på ei av merdane og laga to store revner som laksen har rømt gjennom. Noko av den rømde fisken var sjuk av PD (Pankreas sjukdom) og var kjønnsmoden og hadde dermed eit større skadepotensiale enn fisk som ikkje er kjønnsmoden. At rømminga skjedde i gyteperioden for villaks i ein nasjonal laksefjord understrekar også alvoret i rømmingsaka.

Ankefristen er 14 dagar frå forkynning av dommen og den er såleis ikkje rettskraftig.

Publisert: