Fleire uhell i kolmulefisket
Store deler av den norske kolmuleflåten og nokre russiske trålarar fiskar no etter kolmule vest av Irland. Det blir meldt om fleire uhell med sprenging av trål og neddreping av kolmule.
Både Kystvakten og Fiskeridirektoratets Sjøtjeneste er på kolmulefelta vest av Irland og har observert minst tre hendingar i det siste der trålen er blitt sprengt. Dette medfører at store mengder kolmule blir neddrept til ingen nytte. Det medfører også eit økonomisk tap for fiskebåtreiaren ved at fangsten går tapt og trålen vert ødelagt.
– I tillegg til eigne observasjonar får vi også tilbakemeldingar frå fiskeflåten som opplyser at det har vore ein krevjande sesong, seier avdelingsdirektør Rolf Harald Jensen i Fiskeridirektoratets Sjøtjeneste.
Beste praksis
Utfordringane i årets sesong med store fangster som medfører risiko for uhell skjer til tross for at Fiskeridirektoratet i starten av sesongen lanserte eit sett med beste praksis for fiske etter kolmule.
Den beste praksis-settet er utarbeidt i samarbeid med fiskerinæringa og forsking, og målet er å redusere uhell og tap av fangster. Informasjonen med beste praksis vart publisert på nettsidene til Fiskeridirektoratet i starten av sesongen, og vart i tillegg sendt fiskarorganisasjonane.
Publisert: