Kystsel
Fylkeskommunen har ansvar for kystseljakt, og ingen kan delta i jakt på kystsel utan løyve frå fylkeskommunen i det området jakta skal føregå.
Jakt på kystsel
Det er fylkeskommunen som behandlar søknader om fellingsløyve for sel langs norskekysten, registrerer talet på felte dyr og stoppar jakta når kvotane er berekna tatt.
Fiskeridirektoratet har det totale forvaltingsansvaret for kystsel og fastset årlege kvotar, jakttider for dei ulike artane og reglar for gjennomføringa av jakta.
Ein må også vende seg til den enkelte fylkeskommune for å få vite gjenverande kvote.
Du skal rapportere jakta di til fylkeskommunen, uansett om du har fått dyr eller ikkje. Du skal også rapportere dersom du ikkje har nytta jaktløyvet.
Obligatorisk skyteprøve
Det er krevjande å jakte på kystsel, og for å delta må ein ha avlagt skyteprøve for storviltjeger.
Krav for skyteprøve finn du på Landbruksdirektoratets sine nettsider (landbruksdirektoratet.no).
Tider for kystseljakt
Det kan givast jaktløyve for havert i områda
- Sør for Stad (62° N) frå 1. februar til 30. september
- Nord for Stad (62° N) frå 2. januar til 15. september
Det kan givast jaktløyve for steinkobbe
- Frå 2. januar til 30. april
- Frå 1. august til 30. september
Det kan berre givast jaktløyve for ringsel og grønlandssel
- Frå 2. januar til 30. september
Søknad
Søknadsskjema og spørsmål om deltaking i jakt på kystsel, inkludert rapportering av skoten sel, må derfor sendast til den fylkeskommunen der jakta skal gå føre seg.
Kompensasjonsordning frå Havforskningsinstituttet
Ein del dyr har merke festa til baksveivene. Hvis du sender inn desse, utbetaler Havforskingsinstituttet 250 kroner per merke. Når merka blir sendt saman med kjeven til selen, aukar utbetalinga til 500 kroner.
Merke og eventuell kjeve skal sendast til:
Havforskningsinstituttet
v/ L. Lindblom
Hjalmar Johansens gt. 14
9007 Tromsø
Sel som er merka med eit plastmerke i den eine baksveiven er det særleg viktig å få aldersdata frå. I slike tilfelle kan metoden for aldersbestemming bli kontrollert. Dette er fordi vi veit den nøyaktige alderen på disse individa, selen blei merka like etter fødsel.
Ved innsending av merker og kjever til Havforskningsinstituttet benyttes fangstskjema for kystsel (pdf, 68.2 kB) (pdf, 68.2 kB)