Kva skjer med reiskapen vi finn?
På opprenskingstokt tek vi årleg opp store mengder tapt reiskap. Tilstand og mogleg eigaridentitet avgjer korleis reiskapen blir håndtert vidare.
Fiskeridirektoratets involvering
Fiskeridirektoratet er involvert i både nasjonale og internasjonale prosjekt der målet er å auke gjenbruk og gjenvinning av fiskereiskap.
Prioritert rekkefølge
Reiskapen som tas opp blir handtert etter følgande prioriteringsrekkefølge:
1. Leverast tilbake til eigar
Dersom fiskaren har gjort eigne gjenfinningsforsøk, og reiskapen
-
er meldt tapt,
-
ikkje er brukt til ulovleg fiske,
-
er identifisert med eigar,
-
og det er praktisk mogleg,
kan reiskapen leverast tilbake til eigaren.
2. Overlatast til andre
Ved opprydding etter fritidsfiske er det for vanskeleg og tidkrevjande å levere reiskapen tilbake til eigaren. Difor kan funksjonelle reiskapar òg overlatast til skular, verna verksemder og liknande.
3. Gjenvinnast
Mengda fiskereiskapar som blir leverte tilbake til eigaren etter hovudtoktet, har auka betydeleg dei siste åra. Delen reiskapar og typar reiskapar som er eigna for gjenvinning, og som har tilfredsstillande reinleik, er difor blitt klart mindre. Dette, saman med sterkt auka kostnader til gjenvinning, gjer at denne løysinga framstår som mindre relevant.
Produkt av metall blir leverte til gjenvinning gjennom ulike samarbeidspartnarar.
4. Deponerast
Reiskapar det ikkje finst andre løysingar for, eller som er tilgrisa av begroing, blir leverte til deponi gjennom godkjent avfallsmottak.
-
Reiskapsopprensking
Tapte fiskereiskapar fører til spøkelsesfiske og forsøpling. Fiskeridirektoratet ryddar havbotnen og oppmodar alle om å melde frå om tapt reiskap.
-
Spøkelsesfiske
Mista fiskereiskap som blir ståande på havbotnen kan fiske vidare i lang tid. Det fører til forsøpling og skjult dødelegheit, og vert kalla for spøkelsesfiske.
-
Meld tapt og funne fiskereiskap i appen (fritidsfiske)
Skal du ut å fiske? Les om reglar for artar, reiskap og ferdsel på sjøen. Meld tapt reiskap og ver med å minske spøkelsesfiske og marin forsøpling.
-
Meld tapt reiskap (yrkesfiske)
Rapportering av tapte fiskeredskap er svært viktig og danner grunnlaget for Fiskeridirektoratets årlige opprenskingstokt.