Fekk notlin i propellen ved heving av lodd
Ved ein feil var giret på arbeidsbåten innkopla då mannskapet gjekk i gang med å heve loddet på ei spissnot under notskifte.
Propellen fekk tak i den slakke nota, og før dei fekk kopla ut giret hadde det pakka seg mykje notlin rundt propell og aksling. Deretter handterte dei situasjonen godt og har no gjort tiltak for å hindre at dette skal skje igjen.
Kva skjedde?
Arbeidsbåten var i gang med å heve loddet på gamlenota, før sjølve notskiftet skulle starte. Problemet var berre at giret på styrbord maskin ikkje var kopla ut, og ingen kom på å gjere denne viktige kontrollen før dei starta arbeidet. Når loddet så vart heva og ikkje lenger hadde ein funksjon i å halde forma på notposen, gjorde straumen i sjøen til at slakt notlin dreiv inn mot arbeidsbåten og gjekk inn i den roterande propellen, der nota sette seg fast rundt propellen og akslingen.
Kva gjorde dei?
Mannskapet oppdaga den kritiske situasjonen først då skaden var eit faktum og nota stod fast i propellen. Då gjaldt det å sikre verdiane og avgrense vidare skade. Dei brukte ein ROV til å overvake situasjonen fram til dykkar kom på plass. Alt notlin som hadde kome i kontakt med propellen såg ut til å ha pakka seg rundt propell og aksling, så det var ingen synlege hol som stod opne slik at fisken kunne rømme gjennom dei.
Det vart sett ut gjenfangstgarn og eit notstykke på utsida før dykkarar kom og starta arbeidet med å fjerne notlin frå propellen. I tillegg køyrde dei ROV på innsida av merden for å skremme bort fisk frå dette området og dermed bidra til å hindre rømming gjennom eventuelle hol.
Med dykkar i sjøen vart akslingen dreidd sakte rundt for å frigjere nota. Det viste seg å vere fleire hol i den delen av nota som hadde vore rundt propellen, og det største holet er meldt inn til å vere 40 x 70 masker (over ein meter langt). Dykkaren lukka hola med strips etter kvart som notlin vart løyst frå propellen. På denne måten unngjekk dei at hola vart ståande tilgjengeleg for fisken til å kunne rømme gjennom. Unntaket var nokre fiskar som var fanga i ei notlomme tett ved propellen. Dei klarte å kome seg ut gjennom holet før dykkaren fekk lukka det. Tre av fiskane vart fanga kort tid etterpå i gjenfangstgarn. Seinare fanga dei éin laks til, slik at til saman fire fisk vart fanga med garn.
Dykkaren festa tau i nota slik at mannskapet kunne sikre det skadde området av nota så snart alt lin var løyst frå propellen. Det gjorde dei ved å heve den skadde delen av nota opp på merdkanten for nærare inspeksjon. ROV-en gjekk over notveggen ein ekstra gong for å sjekke at alle skadar var oppdaga og reparerte før dykkarane forlet lokaliteten.
Tiltak i ettertid
Som følgje av hendinga har arbeidsbåten fått installert ein lysindikator som tydeleg viser om giret er innkopla eller ikkje. I tillegg er det gjort presiseringar i prosedyren for båtbruk ved merd.
Særleg relevante regelverkskrav
Akvakulturdriftsforskrifta § 37 første ledd (lovdata.no) (åpnes i ny fane): «Det skal utvises særlig aktsomhet for å hindre at fisk rømmer. Det skal videre sørges for at eventuell rømming oppdages raskest mulig og at rømmingen i størst mulig grad begrenses.»
Akvakulturdriftsforskrifta § 7 fjerde ledd (lovdata.no) (åpnes i ny fane): «Beredskapsplanen skal også inneholde oversikt over hvordan rømming kan oppdages, begrenses og gjenfangst effektiviseres, herunder risikoreduserende tiltak ved gjennomføring av aktiviteter som kan medføre risiko for rømming.»
Publisert:
Få varsel
Visste du at du kan få varsel om nye erfaringshendelser på SMS eller epost? Meld deg på her.