Gebyr og avgifter for yrkesfiskarar

Her finn du oversikt over kva gebyr og avgifter du som yrkesfiskar må betale.

1. Løyve til erverv og andre søknader

Du må betale gebyr når du søkjer om løyve til erverv, utskifting av fartøy, tildeling av særskild løyve (konsesjon) og årleg deltakartilhøve.

Du må også betale gebyr når du søkjer om spesielle kvoteordningar for kystfiske- og havfiskeflåten i medhald av havressurslova § 14 (lovdata.no), om unntak frå kondemneringskravet og om leigefartøy.

Korleis betaler du

Du må betale gebyret og sende kopi av kvitteringa til postmottak@fiskeridir.no før vi kan behandle søknaden.

Du betalar til:

  • Kontonummer: 7694.05.09048
  • Adresse; Fiskeridirektoratet, Seksjon budsjett og virksomhetsstyring, Postboks 185 Sentrum, 5804 BERGEN

NB! Namn og adresse til betalar og fartøyeigar må gjevast opp ved betaling.

Du må opplyse følgjande betalingsopplysingar i meldingsfeltet:

  • Kva betalinga gjeld, t.d.: Ervervsgebyr, «fartøynavn»
  • Radiokallesignal til fartøyet: 4 bokstavar eller 2 bokstavar + 4 tal

Det er tilstrekkeleg å oppgi det som er nemnt i kursiv, til dømes slik: Ervervsgebyr, «Havhest», LLLL

Ved søknad om løyve til å skifte ut fartøy, må du også oppgi fartøynamn og kallesignal på fartøyet som skal skiftast ut.

Gebyrsatsane

Type søknadKroner
Løyve til erverv, også eigarskifte, for fartøy på eller over 15 meter største lengd med særskild løyve22 050
Løyve til erverv, også eigarskifte, for fartøy på eller over 15 meter største lengd, utan særskild løyve11 025
Løyve til erverv, også eigarskifte, for fartøy under 15 meter med særskild løyve og/eller med årleg deltakartilhøve5 500
Løyve til erverv, også eigarskifte, for fartøy under 15 meter utan særskild løyve eller årleg deltakartilhøve1 725
Førehandstilsagn om utskiftingsløyve5 500
Tildeling av særskild løyve5 500
Årleg deltakartilhøve6 265
Spesielle kvoteordningar for kystfiske- og havfiskeflåten i medhald av havressurslova § 145 500
Løyve til å nytte leigefartøy5 500

2. Merkeregisteret – innmeldingsgebyr

Du må betale gebyr når fartøyet ditt blir ført inn i Fiskeridirektoratet sitt register over merkepliktige norske fiskefartøy (merkeregisteret).

Korleis betaler du

Faktura blir sendt ut når du har sendt inn skjema for innmelding i merkeregisteret. Fakturaen blir send av Statens innkrevingssentral.

Gebyrsatsane

Lengda på fartøyetKroner
0–14,99 meter største lengd925
15–27,99 meter største lengd3 675
28 meter største lengd og over5 500

3. Merkeregisteret – årleg avgift

Dersom du eig fartøy som er registrert i Fiskeridirektoratet sitt register over merkepliktige norske fiskefartøy (merkeregisteret), må du betale ei årleg avgift for kvart fartøy du eig.

Dersom du er registrert som eigar per 1. januar, er du ansvarleg for innbetalinga, uavhengig av seinare eigarskifte.

Du får tilsendt faktura rundt 15. februar kvart år, og avgifta må vere betalt innan 15. mars.

Korleis betaler du

Du får tilsendt faktura frå Statens innkrevingssentral.

Du skal kontakte Statens Innkrevingssentral dersom:

  • det er feil namn, adresse eller beløp i fakturaen
  • fakturaen alt er betalt
  • du ønskjer betalingsutsetjing

Avgiftssatsane

Lengda på fartøyetKroner
0–14,99 meter største lengd550
15–27,99 meter største lengd1 100
28 meter største lengd og over1 550

4. Avgift på viltlevande marine ressursar

Fiskesalslaga må betale avgift på viltlevande marine ressursar som er hausta av norskregistrerte fartøy, og som er omsette i første hand i samsvar med fiskesalslagslova.

Fiskesalslaga må registrere seg som avgiftspliktig verksemd hos Skatteetaten. Avgifta er regulert av særavgiftsforskrifta (lovdata.no).

Du finn informasjon om avgifta på sidene til Skatteetaten (skatteetaten.no).