Rapportering av faststående reiskap

Den som fiskar med fastståande reiskap, skal sende informasjon om dette til Kystvakta. Dette gjeld både ervervsmessig fiske og fritidsfiske.

Gjeld dette deg?

Rapporteringsplikta gjeld følgjande fiskeri:

  • Fiske med fastståande reiskap utanfor fjordlinjene nord for 62⁰N. Gjeld òg fiske med fløytline.

  • Fiske etter blåkveite med garn nord for 62⁰N.

  • Fiske med fastståande reiskap utanfor grunnlinjene sør for 62⁰N. Gjeld òg fiske med fløytline. Rapporteringsplikta gjeld ikkje ved fiske på strekninga frå Skagen fyr til Tistlarna fyr (Skagerrak).

  • Fiske med teiner etter kongekrabbe.

  • Fiske etter breiflabb med garn og line.

  • Fiske etter kveite med garn og line.

Kva skal rapporterast?

  • Stadfesting av kvar reiskapen blir sett (lokalisering).

  • Oppdatert informasjon om lokalisering minst annakvar veke.

  • Fjerning av reiskapen når fisket er avslutta.

  • Tal på meter garn eller tal på krok i dei enkelte lenkjene/setta ved fiske etter breiflabb og kveite.

Korleis skal det rapporterast?

Meldingane skal sendast til BarentsWatch. Framgangsmåten er forklart her:

FiskInfo: Rapportering for fritidsfiskarar (barentswatch.no).

Forskrift

Plikta til å rapportere fastståande reiskap går fram av haustingsforskrifta paragraf 25 (lovdata.no).