Kveite for fritidsfiskarar
Her finn du reglane for fiske etter kveite som fritidsfiskar med minstemål, område og reiskap.
Minstemål og maksmål
I 2025 blei minstemålet på kveite økt til 84 centimeter og innført minstevekt på 7,2 kg. Som fritidsfiskar treng du kun å følge minstemålet i centimeter, hvis det er til eiga bruk.
Skal du omsetje kveita, og da gjennom eit godkjende salslag, må både vekta vere minst 7,2kg og minstemålet må vere 84 centimeter.
Utkastpåbod for kveite over to meter
På grunn av høgt innhald av potensielt farlege framandstoff, er det påbode å sleppe all kveite over 2 meter, eller kveite utan hovud over 1,6 meter, ut att i sjøen.
Utkastpåbodet gjeld
- i alle norske farvatn og for alle fiskarar.
- uavhengig om kveita er levedyktig, døyande eller daud.
Fangstperiode og forbodsområde for kveitefiske
- Sør for Stad (62°N) er kveita forbode å fiske heile året.
- Nord for Stad (62°N) kan du fiske kveite frå og med 20. desember til og med 20. april.
- I eit avgrensa område på Sklinnabanken er det forbod heile året.
Forboda gjeld for alle fiskereiskap.
Frå og med 20. desember til og med 20. april skal all levedyktig fangst av kveite nord for Stad (62°N) sleppast ut att i sjøen. I område sør for Stad (62°N) skal all levedyktig kveite sleppast ut att i sjøen heile året.
Avgrensing av reiskap
Når du fiskar med line kan du kun bruke 100 krokar (anglar) per person.
Fiskar du med garn, må den samla lengda vere på inntil 210 meter og du må du gjere deg kjend med krav til maskestorleik.
Fiskar du med garn eller line, er det påbode å rapportere den fastståande reiskapen.
Mattilsynet åtvarar mot større kveiter
-
Rapportering av faststående reiskap
Den som fiskar med fastståande reiskap, skal sende informasjon om dette til Kystvakta. Dette gjeld både ervervsmessig fiske og fritidsfiske.
-
Fritidsfiske med garn i sjøen
Her finn du reglar for bruk av garn; blant anna lengde, maskestorleik, merking, nedsenking og forbodsområde.
-
Kveite for yrkesfiskere
Her finner det du trenger å vite for å fiske kveite som yrkesfisker.