Minstemål og maksmål for hummar
Her finn du reglane for minstemål og maksimalmål for hummar.
Slik måler du ryggskjoldet på hummaren
Ryggskjoldlengda måler du frå bakre del av augehola til bakkanten av ryggskjoldet ved midtlinja. Målepunkta er viste i bileta under.
Minstemål for hummar
Hummar må ha ei ryggskjoldlengd på minst 90 millimeter.
Ryggskjoldlengda blir målt frå bakre del av augehola til bakkanten av ryggskjoldet, langs midtlinja.
Maksimalmål for hummar
Frå grensa mot Sverige til og med Agder fylke er det òg eit maksimalmål på 115 millimeter. Hummar med ryggskjoldlengd på 115 millimeter eller meir skal setjast tilbake i sjøen.
Sjå kart over området der det er innført maksimalmål.
-
Minstemål i fritidsfiske
Alle som fiskar i sjøen i Noreg må følge reglane om minstemål. Målet er at fleire småfisk skal få leve til dei blir store nok til å formeire seg.
-
Last ned Fritidsfiskeappen
Skal du ut å fiske? Les om reglar for artar, reiskap og ferdsel på sjøen. Meld tapt reiskap og ver med å minske spøkelsesfiske og marin forsøpling.