10 kjappe om hummarfiske

Før du fiskar hummar: Les 10 kjappe punkt om reglar, reiskap og freding.

Merk!

Dette er ei forenkla oversikt. Du må sjølv sette deg inn i gjeldande reglar og forskrifter.

Dette må du vite før du fiskar hummar

  1. Hummar med utvendig rogn er freda heile året.

  2. Hummar som er mindre enn 25 cm må setjast ut att i sjøen.

  3. Du kan ikkje fange hummar i hummarreservata.

  4. Du må melde deg på til hummarfiske kvart år.

  5. Du kan maks bruke 10 teiner per person og per båt.

  6. Teinene skal ha minst to fluktopningar og eitt rømmingshol.

  7. Teinene skal røktast minst éin gong i veka.

  8. Vaket må merkast med deltakar­nummer, namn og adresse.

  9. Meld frå i Fritidsfiskeappen dersom du mistar reiskap.

  10. Fangst som skal seljast, må gå gjennom salslag eller godkjend kjøpar.