Fredingstider og bevaringsområde for hummar

Hummaren er freda store delar av året og det er etablert mange fredings- og bevaringsområde.

Fredingstider for hummar

Hummar med utvendig rogn er freda heile året.

Hummarfiskesesongen startar 1. oktober klokka 08:00 i heile landet.

Frå svenskegrensa til og med Vestland kan du fangste til og med
30. november.

I resten av landet kan du fangste til og med 31. desember.

Frå og med 1. januar til 1. oktober klokka 08:00 er det forbode å oppbevare hummar i sjøen. Det er rapporteringsplikt for hummar som vert oppbevart i sjøen i desember.

Helgedagsfredinga blei oppheva i 2017

Det er lov å setje og dra teiner på søndagar, også langs kyststrekninga frå svenskegrensa til og med Agder.

Reiskapsavgrensingar i fredingsområda for hummar

I hummerreservata er det fleire avgrensingar i bruk av reiskap, og desse avgrensingane er litt ulike i dei forskjellige områda.

  • Frå svenskegrensa til og med Austevoll: Det er forbode å fiske med andre reiskap enn handsnøre, fiskestong, juksa, dorg eller snurpenot.
  • Indre Hardanger: Det er forbode å fiske med teinar og ruser langs heile sjølinja ned til 50 meters djup rekna frå lågaste vasstand.
  • Sognefjorden: Det er forbode å fiske med andre reiskap enn handsnøre, fiskestong, juksa, dorg eller snurpenot langs heile sjølinja ned til 50 meters djup rekna frå lågaste vasstand.
  • Lustrafjorden, Aurlandsfjorden, Sogndalsfjorden: Det er forbode å fiske med hummarteiner langs heile sjølinja ned til 50 meters djup rekna frå lågaste vasstand.

Fredingsområda i kart

Du kan zoome inn og ut av kartet for å sjå dei ulike fredingsområda og bevaringssonene.

Fredingsområder i forskrift

I forskrifta om fredingsområder for hummar (lovdata.no) får du oversikt over områda med oppgitt posisjon i grader, minutt og desimalsekund.