Forskrift om transitt av fisk

Fartøy som fører flagg tilhøyrande ein medlemsstat i den Europeiske Union (EU) eller Storbritannia, kan velge å lande fangst i Noreg utan å måtte førstehåndsomsetje fangsten gjennom, eller med godkjenning av, eit fiskesalgslag.

Fartøya må følgje dei prosedyrane forskrift om transitt av fisk (lovdata.no)  set opp for dette. Mellom anna kan fangsten kun landast hos mottak som er godkjende for transitt av Fiskeridirektoratet.

Søke om å vere transittmottak 

Virksomheiter som etter matlova (lovdata.no) er godkjende for tilvirking av fisk kan søkje Fiskeridirektoratet om å få vere transittmottak.

Vilkåret for å vere transittmottak er at virksomheita ligg innanfor ei avstand på ca. ein times reise frå sentrum av følgjande stader:

Fredrikstad, Egersund, Haugesund, Bergen, Florø, Måløy, Ålesund, Kristiansund, Trondheim, Sandnessjøen, Bodø, Leknes, Sortland, Harstad, Finnsnes, Tromsø, Skjervøy, Hammerfest, Honningsvåg, Mehamn, Båtsfjord, Vardø og Kirkenes.

Virksomheita må også dokumentere at den har godkjenning som tollager.

Søknad om godkjenning av mottak for transitt sendast til postmottak@fiskeridir.no.

Journalkrav

Fiskeridirektoratet kan stille krav om korleis journal skal førast, og om adskilling, merking og lagring av fisk, jamfør landingsforskriften §§ 16 og 17  (lovdata.no). Fangsten er underlagt Mattilsynets og Fiskeridirektoratets alminnelege kontroll, og det skal førast landingssetlar for fangsten, jamfør landingsforskriften § 8 (lovdata.no).

Forskrift om transitt av fisk

Nærings- og fiskeridepartementet fastsatte 29. juni 2016 ei ikrafttredelsesforskrift og ei endringsforskrift som satte forskrift 21. april 2006 nr. 433 om transitt av fisk fanget av og brakt i land fra EU-fartøy i kraft med virkning frå 1. september 2016. Forrige virkeperiode utløp 31. april 2014. Den nye virkeperioden for forskriften blir frå 1. september 2016 til 31. august 2023.