Oppfølging av kvotemeldinga

I mai i år handsama Stortinget stortingsmeldinga (Melding St. 32 2018-2019) om eit framtidig kvotesystem. Vedtaket i Stortinget er noko mindre omfattande enn forslaga i den opprinnelege meldinga.

Dei mest sentrale element i vedtaka til Stortinget er at:

- fordelinga mellom dei ulike flåtegruppene skal ikkje endrast vesentleg

- fiskefartøy skal grupperast etter fartøyets faktiske lengde med ein periode med muligheit for tilpassing til heimelslengda fram til 31.12.2023

- samfiske med seg sjølv i torskefisket vert avvikla med ein overgangsperiode fram til 31.12.2025

- ved utløp av tidsavgrensinga for strukturkvotar skal strukturgevinsten tildelast den gruppa fartøyet tilhøyrer når tidsavgrensinga skjer, og fordelast relativt etter grunnkvote

Stortinget har bede om at enkelte av vedtaka vert konsekvensutgreia.

På denne sida vil vi gjere tilgjengeleg informasjon som kan vere eit bidrag til diskusjonen.

Vi vil oppmode om å ta kontakt med oss dersom det skulle vise seg at det er feil i dei tala som vert presentert.

Kvotesystemet er enkelt forklart regler for hvem som kan fiske, hvor mye de kan fiske, og hvordan de kan fiske. Reglene gjelder for alt fra de minste sjarkene til de største trålerne, og er med på å bestemme hvordan fisken kan høstes og hvordan kvoter fordeles.