Leppefisk-reguleringa for 2021

Dei sentrale punkta i reguleringa av leppefisk for 2021 er:

Posisjonsrapportering

Frå 2020 er det innført eit krav om at deltakande fartøy skal vere utstyrt med typegodkjent automatisk identifikasjonssystem (AIS, klasse A eller B) eller VMS. Dette kravet gjeld for alle fiskarar som driv ervervsmessig fiske i lukka gruppe, open gruppe og fritidsfiskarar. Kravet om posisjonsrapportering vert innført som ein konsekvens av behovet for å kunne gjennomføre kontrollverksemd på ein effektiv måte. I tillegg gir posisjonsrapportar meir presis kunnskap om kvar fisket går føre seg. Noko som gir eit betre grunnlag for forvaltinga av leppefisk og fastsetjing av kvotenivå. For fartøy som benytter AIS skal MMSI-nummer sendes Fiskeridirektoratet på elektronisk skjema for leveringsavtaler.

Innsending av leveringsavtale

For å kunne delta i fisket etter leppefisk er eit av vilkåra for deltaking at det ligg føre leveringsavtale med godkjent kjøpar. Kopi av leveringsavtalen må sendast elektronisk til Fiskeridirektoratet.

Alle som skal delta i fisket etter leppefisk skal sende leveringsavtale til Fiskeridirektoratet før fartøyet startar opp med å fiske etter leppefisk. Skjema for leveringsavtale vil bli lagt ut i løpet av våren.

Fritidsfiskarar sender kopi av leveringsavtalen når dei søkjer om løyve til å delta i fisket etter leppefisk.

Frå 2021 er det forbode å nytta ruser til fangst av leppefisk. For yrkesfiskarar som nyttar merkeregistrerte fartøy som har fisket og landa meir enn 3 000 stykk leppefisk med ruser i to av dei tre siste åra, blir det gitte dispensasjon slik at ruser kan nyttast fram til og med 2024.

Skjema for 2021 vil kome i løpet av våren.

Totalkvote

  • Totalkvota på 18 millionar leppefisk blir fordelt på tre regionar:
    • 4 millionar leppefisk på kyststrekningen frå grensa mot Sverige til Varnes fyr på Lista (Sørlandet)
    • 10 millionar leppefisk på kyststrekningen frå og med Varnes fyr på Lista til 62 grader nord (Vestlandet)
    • 4 millionar leppefisk på kyststrekningen nord for 62 grader nord
  • Totalkvota blir fordelt med 90 prosent til lukka gruppe og 10 prosent til open gruppe.

Tidsrom

  • Sør for Stad: frå 19. juli klokka 08:00 til 20. oktober klokka 20:00
  • Nord for Stad: frå 2. august klokka 08:00 til 20. oktober klokka 20:00

Mellomlagring

Posisjonen til mellomlagringsmerdar og andre innretningar for å lagre leppefisk i sjø skal innrapporterast til Kystvakta sin bruksvaktsentral på telefon 07611.

Posisjon skal oppgjevast ved bruk av lengde- og breiddegrader. Den som fiskar etter leppefisk og mellomlagrar fisken i sjøen før levering til kjøpar skal rapportere talet på merdar og posisjonen til desse til Kystvakta når merdane blir tatt i bruk, når dei eventuelt blir flytta og når dei blir tatt opp eller ikkje lenger nyttast til mellomlagring av leppefisk.

Lukka gruppe

  • Fartøykvotar i lukka gruppe er på 48 000 leppefisk per fartøy.
  • Frist for fangstlevering: Fartøy som deltek i lukka gruppe må innan 23. oktober klokka 20:00 ha tømt alle innretningar for mellomlagring av leppefisk, og levert leppefisken til kjøpar.

Open gruppe

  • Maksimalkvoter i open gruppe er på 6000 leppefisk per fartøy.
  • Frist for fangstlevering: Fartøy som deltar i åpen gruppe, fritidsfiske eller fiske under ungdomsfiskeordningen må ha tømt alle innretninger for mellomlagring av leppefisk,
    og levert leppefisken til kjøper innen 23. oktober klokka 20:00 eller innen 72 timer fra en stopp i fisket fastsatt med heimel i § 14.
  • For deltaking i open gruppe gjeld alminnelege vilkår. Det er blant anna eit vilkår at eigar sjølv er høvedsmann om bord i fartøyet, med mindre det er gitt dispensasjon i samsvar med alminnelege reglar.
  • Det er dessutan slik at fartøyeigar berre kan delta med eitt fartøy i open gruppe.
  • Fartøyeigar som deltar med fartøy i lukka gruppe kan ikkje også delta med fartøy i open gruppe.

Fritidsfiske

  • Det vil fortsatt være mogleg å søke om løyve til fritidsfiske etter leppefisk for omsetnad på visse vilkår.
  • For å kunne få løyve må ein ha ein leveringsavtale med godkjent kjøper og fartøyet må vere registrert i Småbåtregisteret hjå Redningsselskapet eller i Skipsregistrene. Kopi av leveringsavtalen må sendast til Fiskeridirektoratet før fartøyet starter opp med å fiske etter leppefisk. Det vert ikkje gitt løyve til fiske med ruser.
  • Frist for fangstlevering: Fartøy som deltar i åpen gruppe, fritidsfiske eller fiske under ungdomsfiskeordningen må ha tømt alle innretninger for mellomlagring av leppefisk, og levert leppefisken til kjøper innen 72 timer fra en stopp i fisket fastsatt med hjemmel i § 14.

Dersom Fiskeridirektøren stoppar fisket i open gruppe, vil det samtidig bli stopp i fritidsfisket etter leppefisk.

Reiskapsavgrensing

  • På kyststrekningen frå og med Sverige til og Varnes fyr på Lista: 100 teiner eller ruser per fartøyeigar 
  • På kyststrekningen frå og med Varnes fyr på Lista og nordover: 400 teiner og ruser per fartøyeigar 

Det er framleis krav om inngangssperre i reiskapen for å redusere bifangst av andre artar enn leppefisk, sjølv om fiskar er pålagt å straks sleppe all bifangst tilbake i sjøen.

Bruk av ruser

Det vart forbode å bruke ruser til fangst av leppefisk for fritidsfiskarar frå og med 2020.

På kyststrekninga frå grensa mot Sverige til og med Møre og Romsdal fylke er det i tida frå og med 1. mai til og med 31. desember forbode å sette ut ruser. Forbodet er ikkje til hinder for å sette ut ruser til fangst av ål for manntallsførte fiskarar som fisker ål for omsetning med merkeregistrerte fartøy i henhold til gjeldande forskrifter om fangst av ål. Merkeregistrerte fartøy som har fiska og landa meir enn 3 000 stykk leppefisk med ruser i to av åra 2018, 2019 eller 2020 kan nytte ruser fram til og med 2024.

Bifangst

Det er ikkje tillate å behalde bifangst i teiner eller ruser som er sett ut til fangst av leppefisk. Dette gjeld også bifangst av krabbe.

All bifangst skal straks tilbake i sjøen på ein slik måte at den ikkje vert skadd og at den finn tilbake til sitt naturlege miljø. Denne ordninga gjeld også leppefisk fanga i strid med gjeldande minstemål eller som av andre grunnar må setjast tilbake i sjøen.

 

Oppdatert: 25.01.2021