Krav til teiner og ruser i fiske etter leppefisk

Teiner og ruser for fangst av leppefisk skal ha fluktopning, inngangssperre og rømmingshol.

Antall fluktopningar og plassering av opninga

Kontroll av leppefiskteiner © Fiskeridirektoratet

I teiner skal det vere minst tre fluktopningar i det innerste kammeret (fangstkammer) og minst to fluktopningar i kvar av dei øvrige kammera. I ruser skal det vere minst tre fluktopningar i det innerste kammeret og minst tofluktopningar i det nest innerste kammeret.

Teiner og ruser skal ha fluktopningar som er minst 12 mm x 70 mm og vere plassert på ein slik måte at leppefisk lett kan ta seg ut av reiskapen. Fluktopninga skal ha ei fast ramme og kan vere plassert i rekkje eller enkeltvis.

Inngangssperre

For å redusere fangst av stor berggylte og hindre uønska bifangst av spesielt hummar og torsk, i tillegg til å hindre at oter prøver å ta seg inn i teiner og ruser og deretter druknar, er det påbod om inngangssperre. Inngangen (kalven) skal vere mindre enn at ein sylinder med diameter 70 mm kan trekkast gjennom inngangen.

Frå og med 1. januar 2022 vil det tre i kraft eit nytt krav om at inngangen (kalven) i teiner og ruser skal vere 60 mm i diameter eller mindre.

Det har gjennom forsøk vist seg at enkle kryss i inngangen til teinene eller rusene i stor grad hindrar uønska bifangst. Skulle det likevel skje at ein oter blir fanga i reiskapen skal ein melde frå til  .

Rømmingshol

Kvart år går eit betydelig antal teiner og ruser tapt. For å hindre at tapte reiskap spøkelsesfiskar er det innført eit påbod om rømmingshol i teiner og ruser som er satt ut for fangst av leppefisk. Rømmingsholet skal være montert i samsvar med monteringsrettleiaren, slik det går fram av utøvingsforskrifta, vedlegg 9.

Det er opna for en frivillig løysing ved at den biologisk nedbrytbare bomullstråden kan bli erstatta med ein attfinningsdel. Denne løysinga hindrar ikkje berre spøkelsesfiske, men hjelper fiskarane å finne tapte reiskap, slik at marin forsøpling blir unngått.

Fiskeridirektoratet understrekar at fiskarane må vere nøye med at fluktopning, inngangssperre og rømmingshol er i samsvar med kravet. Det er fiskaren som i siste ledd har ansvaret for at fluktopninga, inngangssperra og rømmingsholet er korrekt.

Oppdatert: 02.07.2018