Strenge reglar for hummarfiske

Oppdatert: 19.09.2017

Alle som skal fiske hummar må registrere seg før fisket startar. Dette gjeld både fritidsfiskarar og fiskarar som er registrerte i Fiskarmanntalet.

Registrering

Skjema for å registrere seg for hummerfiske er planlagt klart 1. september.

Problem med skjemaet? Last ned brukarrettleiing her

Den som registrerer seg for fiske vil bli tildelt eit unikt deltakarnummer.

Teiner som står i sjøen til fangst av hummar skal ha minst eitt vak som er tydeleg merkt med fiskarens deltakarnummer, namn og adresse (for yrkesfiskarar: fartøyets registreringsmerke). Teinene kan framleis settast fleire i lenke. 

Eksempel på merking for fritidsfiskar:
Ola Nordmann
Svingen 4
5550 Kysten
OLA-NOR-168 (deltakarnummer)

Eksempel på merking for yrkesfiskar:
SF-123-F (Fartøyets registreringsmerke)
OLA-NOR-321 (deltakarnummer)

Påmeldinga gjeld kun for inneverande år, men det vil bli lagt opp til gjenbruk av deltakarnummeret for dei som også melder seg på fisket neste år.

Andre viktige reglar

  • På Skagerrakkysten (avgrensa mot vest av ei rett linje frå Lindesnes fyr til Hanstholm fyr og til grensa mot Sverige) er det innført eit maksimalmål for hummar på 32 cm (totallengde). For å finne totallengde måler du hummaren frå spissen av pannehornet til den bakre kant av midtre svømmelapp. Sjå kart over området der det er innført maksimalmål
  • Minstemål for hummar skal vere basert på totallengde (frå spissen av pannehornet til den bakre kant av midtre svømmelapp). (Minstemålet for hummar er i heile landet 25 cm).
  • Hummarteiner skal røktast minst ein gong per veke.
  • Det er rapporteringsplikt for hummar som vert oppbevart i sjøen i desember. 
  • Det er ikkje lenger forbode for fritidsfiskarar å sette krabbeteiner på grunnare vatn enn 25 meter.
  • Det er lov å sette/trekke teiner på søndagar, også på kyststrekninga frå svenskegrensa til og med Vest-Agder. (Det er framleis forbode å sette eller trekke teiner til fangst av hummar på kyststrekninga Vest-Agder til grensa mot Sverige frå ein time etter solnedgang til ein time før soloppgang.)
  • Det er forbod mot fritidsfiske med garn på grunnare vatn enn 25 meter i Skagerrak i perioden frå og med 1. juni til og med 15. august.
  • Det er påbode å bruke (nedbrytbar) bomullstråd i hummarteiner.
  • Det er ikkje krav om at heile teina er laga av nedbrytbar bomullstråd, tråden skal virke slik at eit panel i teina fell ut etter ei viss tid. Gamle teiner vil fortsatt kunne brukast ved å ettermontere bomullstråden. 

Freding og fangst

Hummar med utvendig rogn er freda heile året.

Frå 1. oktober klokka 08:00 kan du fange hummar over heile landet.

Frå svenskegrensen til og med Sogn og Fjordane kan du fangste til og med 30. november.

I resten av landet kan du fangste til og med 31. desember.

Hummar er berre tillate å fiske med teiner tilpassa hummarfiske. Hummar tatt med annan reiskap skal settast tilbake i sjøen.

Fredingsområder for hummar

Minstemål

Minstemålet for hummar er i heile landet 25 cm. Hummar (og sjøkreps) skal målast frå spissen av pannehornet til bakre kant av midtre svømmelapp (halen). 

Film om reglar for hummarfiske