Du er her:

Leppefisk i yrkesfiske

Oppdatert: 23.04.2018

Fisket etter leppefisk har tatt seg kraftig opp dei siste åra og det er innført stadig strengare reguleringar for å kunne handtere den sterke veksten og sikre bestandane av leppefisk.

Fisker leppefisk med ruser. Foto © Scanfishphoto

Fisket etter leppefisk foregår i tre geografiske områder; Sørlandet, Vestlandet og Midt-Norge og det er i all hovudsak bergnebb og grønngylt som blir fiska.

Leppefisk blir brukt som rensefisk i oppdrett. Fiskeridirektoratet er opptatt av at leppefisk må regulerast i eit langsiktig perspektiv, men er samstundes opptatt av at bruk av leppefisk er eit etterspurt miljøvenleg tiltak for å redusere luseangrep i oppdrett.

Dette har resultert i eit stort press på bestandane av leppefisk langs kysten, og regelverket er difor skjerpa for at forvaltninga av leppefisk skal vere meir i tråd med føre-var-prinsippet.

Leppefiskreguleringa for 2018

Næring- og fiskeridepartementet har bestemt å stramme inn fisket etter leppefisk. Dei sentrale punkta i reguleringa av leppefisk for 2018 er:

Totalkvote:

  • Totalkvota blir fordelt med 90 prosent til lukka gruppe og 10 prosent til open gruppe.
  • Totalkvota på 18 millionar leppefisk blir fordelt på tre regionar:
    • 4 millionar leppefisk på kyststrekningen frå grensa mot Sverige til og med Agder
    • 10 millionar leppefisk på kyststrekningen frå og med Rogaland til 62 grader nord
    • 4 millionar leppefisk på kyststrekningen nord for 62 grader nord

Lukka gruppe:

  • Fartøykvoter i lukka gruppe er på 45 000 leppefisk per fartøy.
  • For å delta i lukka gruppe er det blant anna eit vilkår at fartøyet må ha fiska og levert leppefisk til ein verdi av over 50 000 kroner i to av åra 2014-2016. Fiskeridirektoratet kan dispensere frå dette vilkåret.

Open gruppe:

  • Maksimalkvoter i open gruppe er på 6000 leppefisk per fartøy.
  • For deltaking i open gruppe gjeld alminnelege vilkår. Det er blant anna eit vilkår at eigar sjølv er høvedsmann om bord i fartøyet, med mindre det er gitt dispensasjon i samsvar med alminnelege reglar.
  • Det er dessutan slik at fartøyeigar berre kan delta med eitt fartøy i open gruppe.
  • Fartøyeigar som deltar med fartøy i lukka gruppe kan ikkje også delta med fartøy i open gruppe.

Fritidsfiske:

  • Det vil fortsatt være mogleg å søke om løyve til fritidsfiske etter leppefisk for omsetnad på visse vilkår.

Reiskapsavgrensing:

  • På kyststrekningen frå og med Sverige til og med Agder: 100 teiner eller ruser per fartøyeigar 
  • På kyststrekningen frå og med Rogaland og nordover: 400 teiner og ruser per fartøyeigar .

Tidsrom:

  • Sør for Stadt: frå 17. juli kl. 08.00 til 31. oktober kl. 20.00
  • Nord for Stadt: frå 31. juli kl. 08.00 til 31. oktober kl. 20.00
  • Fiskeridirektoratet kan endre opningsdatoen etter råd frå Havforskingsinstituttet.

Deltaking i lukka gruppe i 2018

Ei førebels liste over deltaking i fisket etter leppefisk i 2018 viser fartøy som per dags dato står i merkeregisteret og som etter Fiskeridirektoratet sine opplysingar oppfyller deltakerforskrifta sine krav om at fartøyet tidlegare har deltatt i fiske etter leppefisk og at fartøyets eigar står på blad B i fiskarmanntalet.

Sjå lista og vilkåra for å delta i lukka gruppe

Fluktopning i teiner og ruser

Fluktopning i teiner og ruser skal vere minst 12 mm x 70 mm. Fluktopningane skal plasserast slik at leppefisken lett kan ta seg ut av reiskapen. Fiskeridirektoratet understrekar at fiskarane må vere nøye med at fluktåpningen er i samsvar med kravet. Det er fiskaren som i siste ledd har ansvaret for at fluktopninga er korrekt.

I teiner skal det vere minst tre fluktopningar i det innerste kammeret (fangstkammer) og minst to fluktopningar i kvar av dei øvrige kammera. I ruser skal det vere minst tre fluktopningar i det innerste kammeret og minst tofluktopningar i det nest innerste kammeret. Fluktopningane skal vere plassert på ein slik måte at leppefisk lett kan ta seg ut av reiskapen. Fluktopninga skal ha ei fast ramme og kan vere plassert i rekkje eller enkeltvis.

For å hindre uønska bifangst av spesielt hummar og torsk, i tillegg til å hindre at oter prøver å ta seg inn i teiner og ruser og deretter druknar, er det påbod om inngangssperre. Inngangssperre (kryss) er ikkje påkrevd dersom inngangen (kalven) er mindre enn at ein sylinder med diameter 70 mm kan trekkast gjennom inngangen.

Det har gjennom forsøk vist seg at enkle kryss i inngangen til teinene eller rusene i stor grad hindrar uønska bifangst. Skulle det likevel skje at ein oter blir fanga i reiskapen skal ein melde frå til Fiskeridirektoratet på e-post.

Minstemål

Minstemål for leppefisk

Art

Størrelse

Grønngylt

12 cm

Berggylt

14 cm

Annan leppefisk

11 cm