Ungdomsfiskeordninga kongekrabbe

Her finn du skjema for påmelding til fangst av kongekrabbe under ungdomsfiskeordninga. Målet er å gi unge ein inngang til fiskaryrket.

Registrering 2024

Registrering for ungdomsfiskeordninga kongekrabbe opnar i månadsskiftet april-mai kvart år. Lenke til skjema blir lagt ut på denne sida når registreringa opnar.

Kven kan bruke skjemaet?

Ungdom mellom 12 og 25 år, som fyller 12 år seinast det aktuelle året, og som ikkje har fylt 25 år på det tidspunktet forskrifta trer i kraft.

Grense for omsetnad

Innanfor ungdomsfiskeordninga kan det per person og per fartøy ikkje bli omsett fangst for meir enn 50 000 kroner. Dette gjeld samla for fangst av kongekrabbe og andre artar.

Kvart år blir grensa for antal kilo ungdom, som er påmeldt fangst av kongekrabbe under ungdomsfiskeordninga, kan fiske og lande fastsett. Kvoten gjeld hannkrabbe, hokrabbe og skadd krabbe.

Krav til bustad

Ungdom som skal delta i fangst av kongekrabbe under ungdomsfiskeordninga må vere busett i Finnmark.

Kvittering

Hugs å ta vare på kvitteringa på at du har sendt inn skjemaet. Kvitteringa må være tilgjengeleg og må kunne visast fram ved kontroll.

Registrering hos salgslag

Når registreringen hos Fiskeridirektoratet er gjort, må ungdomsfiskeren kontakte sitt salgslag. Salgslaget trenger informasjon for å betale ut penger for fangst og for å gi tilgang til signeringsappen CatchSign.

 

Jobber du i fiskerinæringen?

Vi vil gjerne intervjue deg om hvilke utfordringer fiskerinæringen står overfor når det gjelder å følge regelverket i praksis.

Les mer og meld deg til intervju