Du er her:
 

Fartøy under 15 meter - kystfiskeappen

 

Fartøy over 15 meter med flere

 

Kongekrabbe

Rapportering

Oppdatert: 19.04.2017

Alle norske fartøy som driv ervervsmessig fiske og fangst er pålagde å rapportere fangst og aktivitet på havet.  Føremålet med rapporteringsplikta er å leggje til rette for effektiv regulering av fiskeria, gje betre kontroll med ressursuttaket og eit godt grunnlag for statistikk og forsking.

Sidan 2010 – 2011 har fartøy på eller over 15 meter vore pålagde å rapportere fangst- og aktivitetsdata elektronisk (ERS). Desse fartøya er også pålagde å rapportere posisjonen til fartøyet elektronisk.

Frå 1. februar 2015 er også fartøy mellom 13 og 15 meter også pålagde å rapportere fangstmeldingar elektronisk ved hjelp av kystfiskeappen.

Elektronisk rapportering erstattar tidlegare rapportering på papir i fangstdagboka. Bruken av fangstdagbok på papir er difor oppheva, med unnatak for fartøy som har dispensasjon frå kravet til elektronisk rapportering.

Teieplikt

Alle rapporteringsdata frå fartøy vert lagra hjå Fiskeridirektoratet og er kun tilgjengeleg for autorisert personell underlagd teieplikt. Dei viktigste brukarane av denne informasjonen er den norske Kystvakta og Fiskeridirektoratet.

Fartøya kan også få tilgang til sine innsendte data ved å kontakte Fiskeridirektoratet.

Les meir om dette i forskrift om registre for lagring av elektroniske fangst- og aktivitetsdata fra fiske- og fangstfartøy.