Treng fleire inspektørar

Kunne du tenke deg å bli fiskeri-inspektør? Ønskjer du å bidra til å oppretthalde Noregs renommé som ein god fiskeriforvaltar? Fiskeridirektoratet har no seks ledige inspektørstillinger, fordelt på tre regionar.

Har du fiskerifagleg eller annan relevant utdanning eller erfaring frå fiskerinæringen og interesse for fiskeriforvaltning vil vi gjerne ha ein søknad. Jobben er variert og innebær både planlegging av kontrollar, reising og nær kontakt med næringsaktørane og oppfølging av kontrollar i etterkant.

Fiskeridirektoratet er for tida organisert med eit hovudkontor i Bergen og fem regionar. Dei ledige inspektørstillingane fordeler seg med tre i region Nord som dekker Troms og Finnmark fylke, to i region Nordland som dekker Nordland og ei stilling i region Sør som dekker Rogaland, Agder, Telemark og Vestfold, Viken, Oslo og Innlandet.

Risikovurdering

Men alle som jobbar som inspektørar må i tillegg til å dekke aktiviten i den regionen dei tilhøyrer, også rekne med å ta del i kontroll i andre regionar, spesielt i samband med sesongfiskeri.

– Fiskerikontroll er i dag stort sett basert på risikovurdering og analysar, og det vil vere viktige deler arbeidsdagen å føreta slike vurderingar av ulike kontrollobjekt. Når risikovurderingane er gjort er fysiske kontrollar på fiskefartøy og på fiskemottak det neste. Vi treng difor folk som anten har fiskerifagleg eller anna relevant utdanning, eller som har erfaring frå eller kjenner godt til fiskerinæringa, seier seksjonssjef for fiskerikontroll i region Nordland, André Heggstad.

Bruk av digitale verktøy

Moderne fiskerikontroll er meir enn å kontrollere fiskefartøy eller fiskemottak. Nye metodar og verktøy blir stadig tatt i bruk, ikkje minst digitale verktøy, noko som gjer den totale fiskerikontrollen meir effektiv og som dermed bidrar til at norsk fiskerinæring er berekraftig.

– Våre inspektørar har ei heilt sentral rolle for å sikre at uttaket av dei marine ressursane er i samsvar med nasjonale og internasjonale reguleringar, men dei skal også bidra til like konkurranseforhold i næringa, seier Heggstad.

Fiskeridirektoratet skal i løpet av 2022 få ein ny organisasjonsmodell. Fiskeridirektøren har bestemt at direktoratet skal ha ein såkalle funksjonsstyrt organisasjon, noko som inneber at ein ikkje lenger skal ha eit hovudkontor og regionar. Fiskeridirektoratet har i dag hovudkontor i Bergen og har 20 kontor langs kysten, fordelt på fem regionar. Ingen kontor skal leggast ned.

Høyrest dette spennande ut? Du kan lese meir om stillinga på jobbnorge.no. Søknadsfristen er 20. mars

Oppdatert: 04.03.2022