Kontrolloffensiv i vinter

Fiskeridirektoratet vil også denne vinteren vere vesentleg meir til stades under årets skreifiske og har sett saman fleire lag med inspektørar som vil ha utvida arbeidstid i vinter. I tillegg vil to av Fiskeridirektoratets fartøy vere ein del av kontrolloffensiven.

Fiskeridirektør Frank Bakke-Jensen påpeikar at det er ei hovudoppgåve for Fiskeridirektoratet å sjå til at ressursregnskapet er rett og at ulovlegheiter vert unngått.

– Eit korrekt registrert ressursuttak der rett art, vekt og storleik vert oppgitt på seddel er svært viktig. Gjennom auka kontrollinnsats skal Fiskeridirektoratet i så måte bidra til å oppfylle målet om ei bærekraftig forvaltning av fellesskapets ressursar. Ein effektiv og god ressurskontroll bidrar også til meir like konkurransetilhøve i fiskerinæringa, seier Bakke-Jensen.

Fiskeridirektør Frank Bakke-Jensen, Foto: © Vegard Oen Hatten / Fiskeridirektoratet.
Fiskeridirektør Frank Bakke-Jensen, Foto: © Vegard Oen Hatten / Fiskeridirektoratet.

Inspektørar frå alle regionar

Ein kontrolloffensiv slik som den Fiskeridirektoratet no iverkset krev ein god del fleire inspektørar enn dei som til vanleg utfører kontrollar på fiskefelta og ved mottaksanlegga.

– For å kunne utnytte kapasiteten fullt ut vil vi bruke inspektørar frå alle regionane i Fiskeridirektoratet på ulike kontrollar i Nordland og i Troms og Finnmark der det vert landa og bearbeida fisk i løpet av vinteren, seier Bakke-Jensen.

Kor som helst – når som helst

Kvart år blir det laga ein nasjonal strategisk risikovurdering for fiskerikontroll i samarbeid mellom Fiskeridirektoratet, salgslaga og Kystvakten. Det er denne risikovurderinga som ligg til grunn for kontrolloffensiven som no vert gjennomført.

For å få gjennomført ein så effektiv kontroll som mogeleg er det utforma ein eigen feltavtale mellom Fiskeridirektoratet og arbeidstakarorganisasjonane. Feltavtalen regulerer arbeidstida på ein slik måte at det skal vere uføreseieleg når inspektørane vil kontrollere landing og mottak av fisk.

– Kort sagt vil vi dermed kunne utføre kontroll kor som helst når som helst, seier Bakke-Jensen.

Observasjon på fiskefelta

I tillegg til fleire inspektørlag på land vil Fiskeridirektoratets Sjøteneste vere på plass med to av sine fartøy. Sjøtenesta vil først og fremst fylgje med på aktiviteten på havet, utføre reiskapskontrollar, handheve reguleringane for fisket og bistå inspektørane som utfører kontroll ved landing av fisk og mottakskontrollar.

– Dette gjer at vi vil vere i stand til å dekke heile kjeda frå fisken vert tatt opp fra havet til den hamnar på lager i fiskemottaka, seier Bakke-Jensen.

Det vert også planlagt samarbeidskontrollar med andre kontrollmyndigheiter i løpet av torskefisket i vinter.

Smittevern

Koronasituasjonen vil, trass i lettelsar i dei nasjonale tiltaka, setje sitt preg på korleis ressurskontrollar vert gjennomført, og det er utarbeida smittevernsinstruks og risiko- og sårbarhetsanalysar (ROS-analysar) som vil legge føringar for korleis kontrollane vert utført.

– Alle inspektørane som deltar i kontrolloffensiven vil forholde seg til instruks og ROS-analysar for å unngå risiko for å verte smitta eller utgjere ein risiko for smittespreiing, seier Bakke-Jensen.

Oppdatert: 02.02.2022