Forslag til Fiskeridirektoratets Miljøpris
Vi ynskjer å vidareføre Fiskeridirektoratets Miljøpris og satsar på å dele ut ein ny pris på Nor Fishing i Trondheim i august. Har du forslag til kven som fortener ein miljøpris er det fint om du sender forslag til oss.
Fiskeridirektoratets Miljøpris kan gjevast til organisasjonar, verksemder eller enkeltpersonar som tar eit større miljøansvar og som dermed bidrar til meir berekraft i fiskeri- og havbruksnæringane.
Miljøprisen har vore utdelt på messene Nor-Fishing eller Aqua Nor i Trondheim, og vart for første gong delt ut i 2007. Prisen har på grunn av korona ikkje vore utdelt sidan 2019.
Er det ein person, organisasjon eller verksemd som er tilknytta fiskerisektoren og som du meiner fortener ein pris for innsatsen, er det fint om du sender eit forslag til oss. Du kan sende forslag med nokre ord om kvifor du meiner at ditt forslag fortener miljøpris innan 19. juni til Olav Lekve