Forslag til deltakerforskrift for 2023 på høyring
Strengare krav til eigarskap i ope gruppe, lettare å få leigefartøy i ope gruppe og manntalskravet til landnotfiske etter brisling, er nokre av temaene som er berørt i høyringa til deltakarforskrift i fiskeria for 2023.
Forslaget til forskrift er no ute på høyring med høyringsfrist 21. oktober. Deltakarforskrifta regulerer kven som kan delta i yrkesfiske etter dei fleste artar og listar opp kva krav som gjeld for å kunne delta i ulike type fiskeri. Forskrifta er ute på høyring kvart år før den blir vedtatt og virkar det påfølgande året.
Ved sida av å høyre om det er behov for å endre kravet til eigarskap i ope gruppe og mjuke opp tilgangen til å tildele løyve til leigefartøy i open gruppe, er det også framlegg om å kunne gje ungdomar under vidareutdanning dispensasjon frå kravet om at eigar skal stå om bord i fartøyet i fisket i open gruppe etter torsk, sei og hyse nord for 62° N.