Forskingsavgift for året 2023
Nå er det klart for å søkje tilskudd til fiskeriforskning 2023.
Søknadsfrist: 10. november 2022.
Fiskeridirektoratet har ansvar for forvaltning av tilskudd til fiskeriforsking finansiert av fiskeriforskingsavgifta. Med atterhald om Stortingets budsjettvedtak vert det med dette utlyst tilskot for fiskeriforsking for 2023.
Kven kan søkja?
Norske forskingsinstitusjoner utanom fiskeriforvaltninga (ikkje Havforskningsinstituttet og Fiskeridirektoratet) og norskregistrerte private aktører i samarbeid med forskningsinstitusjon kan søkja.
Kva kan ein søkja om?
Tilskotsordninga skal først og fremst bidra til å dekke kostnader for å innhente kunnskapsgrunnlag for ei bærekraftig hausting av dei viltlevande marine ressurser, men kan også etter ei konkret vurdering nyttas til anna kunnskapsinnhenting for å realisera føremålet i havressurslova. Tilskotet skal kun dekka kostnader til bruk av fartøy og andre ekstrakostnader ved toktverksemd.
- Tilskotet kan maksimalt dekka 50 prosent av kostnadene for forskningsprosjektet i 2023, og det er berre reelle kostnader som ikkje er finansiert gjennom ekstern finasiering
- Søkjar må også leggje fram fullstendig budsjett og opplysa om status for anna finansiering. Prosjekt som dekker fiskeriforvaltningas kunnskapsbehov har høgast prioritet, men andre prosjekt som fell inn under ordningas føremål kan også søkje.
Resultata frå prosjekta skal gjerast offentleg og fritt tilgjengelige. Dette inkluderer både innsamla data og resultat.
- Dersom ein har delfinansiering frå Forskningsrådet, FHF, Innovasjon Norge eller EU, vil det vurderast som positivt.
- Det kan kun gis bindande tilsegn om tilskot for budsjettåret 2023. Dersom ein søkjer om støtte til prosjekt som går over fleire år, kan det gjevast med atterhald om Stortinget sitt framtidige budsjettvedtak.
Mottaker av tilskotet skal sende inn prosjektrekneskap som gjeve i tilsagnsbrevet.
Mottaker skal også rapportere om korleis prosjektet har medverka til å oppnå målsettingane.
Oppfølgings- og kontrolltiltak vert basert på mottatt innrapportering frå tilskotsmottaker. Fiskeridirektoratet kan vurdere om det er nødvendig med ytterlegare oppfølgings- og kontrolltiltak.
Dersom tilskotsmottaker gjev uriktige opplysninger eller tilskotet ikkje vert nytta i samsvar med betingelser i tildelinga, kan tilskotet krevast heilt eller delvis tilbake.
Søknadsfrist: 10. november 2022